02 oktober 2005

Mark 2,1-12 - Frigjerande hærverk

Andakt for 20. søndag e. pinse, tekstrekke I
Markus 2;1-12 - www.bibel.no

Mange store bragder i historia har komme til fordi lukka var betre enn forstanden. Columbus kom til Amerika fordi han ville til India ved å segle feil veg. Endå fleire nye oppfinningar er komne til ut av eksperiment som gjekk gale. Det var tilfelle med røntgenstrålane. Tor Åge Bringsverd seier i ei av bøkene sine at «den har begge beina på bakken står stille». Det har han rett i, for det kjem sjeldan noko nytt og revolusjonerande ut av stillstand sjølv om det er trygt og stabilt. Det er utruleg mange som veit mykje, men som heller verger kunnskapen enn å risikere feilbruk ved å oppmuntre til nydyrking. Dei ønskjer å ha einerett på sanninga og ser på rotekte entusiasme som eit trugsmål mot liv og helse. Difor advarer dei amatørane mot å utforske moglegheitene og gjere noko på eiga hand.

I søndagsteksten er det ikkje orda som skiljer dei skriftlærde og Jesus. Skilnaden ligg i hjartet. Å vere sprengfylt av bibelvers er ingen garanti for at du har skjønt noko som helst av det heile. Dei skriftlærde i Kapernaum var spesialistar på teologi og tradisjon, men trass i all kunnskapen var dei langt på veg analfabetar på å tru. Det hjelper deg ikkje om du er professor i ernæringskunnskap og kan skrive hundrevis av kokebøker om du likevel ikkje klarar å sette mat på bordet. Då vil du og dine til slutt sulte i hel om ikkje nokon med rette handlaget kjem og hjelper deg. 'Kokkane' i Israel hadde gått seg bort på vegen fra kokeboka til middagsbordet. Dei var berre opptatt av kva krav lova stilte. Dermed blei folket dei skulle mette sultefòra på kontakt med Guds kjærleik og ingen kunne sjå meininga med strevet.

Jo meir du elskar Gud, jo meir har du å by andre på. Venene til den lame var så ivrige etter å hjelpe kompisen sin at dei gjorde hærverk på huset Jesus var i for å bringe han så nær som mogleg. Det var ikkje pent gjort, men det tente hensikta. Jesus var på si side som ein ekte entusiast og venta heller ikkje med å setje gleda ut i livet. Han braut tvert med både folkeskikk og alle etablerte, religiøse sanningar då han tilga den lame syndene hans. Men der fotfolket håpa og trudde, var det skepsis og mistru som prega spesialistene. Problemet var at dei ikkje trudde på andre enn seg sjølve. Dei ville hatt rett når dei kallar det blasfemi og religiøst hærverk om det ikkje var slik at Jesus faktisk hadde rett frå Gud til å tilgje. Men Jesus var Guds eigen son og unntaket som stadfesta regelen. Dei som held seg nær han får av og til underlege kjensler som strir mot all fornuft. Då kan det løne seg å løfte blikket frå dei som rister på hovudet og heller sjå etter om nokon vil ha godt av det du tenkjer på. For Jesus sett ikkje opp ein mur rundt seg og sine. Han lar dei gå fritt og held dei fast gjennom kjærleik og trøyst.