22 desember 2005

Lukas 2:14 - Jula er for alle

Andakt for julaften/1. juledag, tekstrekke I
Luk 2,1-14 - www.bibelen.no


Eg likar humor, gjerne avslørande, satiriske skråblikk på det som vedkjem alle, men som ein ikkje tenkjer over i kvardagen. For mange år sidan sendte NRK eit radioprogram kvar veke dei kalla P2-mannsrevyen. I romjula eit år fekk ulike sider av norsk julefeiring sitt pass påskreve, og sanneleg kom det ikkje fram eit og anna poeng som var ein helgetanke verdig.


«Være glad-klubben» var eit av fleire faste innslag, og innhaldet her gjekk på å finne eit eller anna som ein trass alt kunne vere glad for. Dette året fann dei ut at dei skulle vere glad for dei kristne. Dei truande, som nokon kallar dei, kunne ha sagt at «Nei, nei. Vi vil ikkje la vantru personar skitne til høgtida vår og vanheilage bodskapen med kjøpepress, fråtsing og heidenske nissar.» Være glad-prisen i satireprogrammet fekk dei kristne fordi dei let alle ta del i julefeiringa, om det så var den einaste gongen i året dei var i nærleiken av noko som hadde med kyrkja å gjere.

Og nett der fanga humoristane opp heile poenget med helsinga gjetarane fekk av englane: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda, og Guds hugnad med menneska.» Jula er for alle, for Gud har hugnad med oss. Ikkje berre dei moralske, dei vellukka eller dei som går til kyrkje kvar sundag. Tittar du nærare etter i juleevangeliet, finn du mykje som ein ikkje skulle tru at Gud ville vedkjenne seg.

For kven var det englane oppsøkte med lovprising og nyhende om ein nyfødd frelsar? Jo, gjetarar, som var den tida sine uteliggarar. Menneske som var så lite å stole på at dei helst skulle halde seg langt ute på beitemarkene. Bodskapen gjekk ikkje vegen om prestar og skriftlærde, men direkte til folk som ingen hadde tiltru til.
Kven var Maria om ikkje ei ugift mor? Abort var ikkje ukjend på den tida heller om ei ung kvinne kom i ulukkelege omstende. Det var sterkt å bere fram barnet, men ikkje noko som slekta kunne fryde seg over. Familiane og naboane til Josef og Maria ønskte nok at hendingane hadde kome i ei meir sømmeleg rekkjefølgje.
Og Josef, kva med han? Det er ikkje mykje for ein mann å skryte av at sambuaren ber fram eit barn du sjølv ikkje er far til. Spesielt ikkje når du ikkje har betre forklaring på det enn at Gud sjølv har vore på ferde. Ikkje klarte han å finne skikkeleg husvære heller. Sjølv ein mann må skjøne at stall og fjøs ikkje egnar seg som fødeklinikk.
Ikkje nok med det. Så snart styresmaktene fekk greie på kva som var hendt, sette dei alt inn på å drepe barnet. Josef, Maria og Jesusbarnet starta familielivet sitt som politiske flyktningar i Egypt. Eg spør meg sjølv om byråkratane i utlendingsdirektoratet ville ha trudd noko særleg på historia dei hadde å fortelje.

Trur du framleis at englebodet om Guds fred og hugnad gjeld nokon andre eller kristelegare enn deg? Gløym det, ver glad og nyt julefeiringa med godt samvit! Jula er for absolutt alle, utan unntak.

God jul og Guds signing!