11 juli 2006

1. Kor. 12,27-31 - «Det kan bare lillebror?»

Andakt for 6. søndag etter pinse, tekstrekke II
1. Kor. 12,27-31 - www.bibelen.no

Korleis kan det ha seg at det kriminaliteten blomstarar når om alle små gutar seier at dei skal bli politi? Det må ha samanheng med at helsestellet manglar folk sjølv om alle jenter skal bli sjukesøstre når dei blir store. Vi er til sjuande og sist kanskje ikkje så like sjølv om alle nordmenn er fødde med ski på beina. For det tek gjerne nokre år fra ein norsk skikonge abdiserar til den neste inntek trona og tek olympiske gull på bestilling. Det finnst òg brasiljanarar som ikkje dansar samba og spelar fotball sjølv om folkemusikkfestivalen og fotball-VM prøver å overtyde oss om det motsette. Lenge leve den lille skilnaden. Det er den som gjer verda til ein spanande stad å vere. Kor kjedeleg hadde det ikkje vore med berre bønder på sjakkbrettet? Einsretting og monopol er ein dårleg plan og kan vere dirkekte farleg. Om du havna trøbbel vil alle vere like hjelpelause som deg.

Vi likar å vere gode på likeverd og likestilling i Noreg. Rasisme og diskriminering er forbudt ved lov og ingen skal ha fortrinn på grunn av kjønn, familie eller rikdom. Husmannsguten Alf Prøysen kom frå fattige kår reint økonomisk, men blei nasjonalskald og fortalte oss at graset er grønt for alle sjølv om sola skin på Kong Salomo så skuggen fell på Jørgen Hattemaker. Men den same heiderskronte diktaren ga oss òg ?Lillebrors vise? som handlar om kor fint det er at ikkje alle er like store, at ikkje alle gjer det same eller opplever ting på same måten. Det kan godt vere at lillebror ikkje alltid synest det like stas å vere minst, men kva skulle vi gjort utan han? Det er skilnadene som skapar fellesskap og utspringet for ekte kjærleik; Det å gje av seg sjølv for ein som ikkje er lik deg.

Nei, Gud visste nok kva han gjorde den gongen i tidenes morgon. Han skapte ikkje Adam og Even, men forma menneskjet som mann og kvinne og gav dei oppgåva med å forvalte verda saman. Han satsa ikkje alt på eit kort, men lagde ein heil kortstokk. Det er berre åtte tonar og nokre halvtonar i skalaen, men likevel er det laga nye melodiar kvart einaste sekund i uminnelege tider. Tenk på kor mykje vi menneske har felles med kvarandre. Vi har hår på hovudet, auge, nase, øyre, munn, armar og bein. Men ikkje ein gong einegga tvillingar er like i alt og ett. Same kor like dei ser ut og kor likt dei tenkjer, er dei likefullt to ulike individ. Dei kan passe på kvarandre, halde kvarandre i handa og snakke saman. Det klarar du ikkje aleine med deg sjølv. Berre Gud er fullkommen i seg sjølv. Du veit kor nyttelaust det kjennest å mangle siste brikka når du har lagt heile puslespelet. Vi treng felleskap med kvarandre og det som bur i kvar og ein for å kunne spegle Skaparen.

God helg og Guds signing!
Publisert i Firda 14. juli 2006 © Jan Roar Sekkelsten