29 september 2006

Job 19,25-27 - Det er von i hangande snøre...

Andakt for 17. søndag etter pinse, tekstrekke II
Job 19,25-27 - www.bibelen.no

- Vesle vitet strekk ikkje til, ei tru må stydje oppunder. Som vestlending visste Ivar Aasen at du ikkje kjem nokon veg om du lar kjenslene du har i augeblinken styre mål og meining med livet. Så sjølv om verda har gått vidare sidan hans tid og vi har vunne mykje ny kunnskap, kjenner vi oss like dårlege om vi misser motet no som den gongen. Straumkrise trugar, E.coli kan du få i deg kor som helst og smarte svindlarar lurer bak kvar reklameplakat. Det er sanneleg ikkje mykje å feste lit til i våre moderne tider. Så om mismotet fangar deg, finnst det næring nok til å holde det vedlike. I bibelteksten har heller ikkje Job det så greit der han sit fattig, sjuk og utstøtt på søppelplassen langt utanfor bygrensa. Han hadde vore blant dei framgangsrike og mektige, men no var all rikdom og stas borte. Helsa var skral og sjølv venene hadde vendt seg mot han. I staden for å oppmuntre han, gav dei seg heller til klandre han for at han heldt ut, trudde på seg sjølv og ein trufast Gud.

Forfølging kan vere så mangt. Opp gjennom vår eigen historie og i andre delar av verda veit vi at mange har blitt ofre for både drap, tortur og fengsling utan lov og dom fordi dei gav uttrykk for si tru eller politiske meining. Sist veke blei tre menn henretta i Indonesia fordi dei hadde protestert mot at styresmaktene ikkje grip inn mot kirkebrenning og mishandling av kristne. I Pakistan kan du bli anklaga for blasfemi om du seier at du trur på Jesus heller enn profeten Muhammed. Skulle du bli frikjent, er du likevel som fredlaus å rekne og er ikkje trygg nokon stader. Vi er heldigvis skåna for slikt her i landet, men problemfritt er det likevel ikkje. Tenk deg kva som vil skje om du trekk utviklingslæra til Darwin i tvil på eit foreldremøte på skulen, eller korleis trur du det går med karriera til idrettsfolk som ikkje vil konkurrere i kyrkjetida? Er du i tillegg kritisk til sjølvvalt abort og sex utanfor ekteskapet vil det i mange sine auge kvalifisere deg for ein plass langt ute på jordet. -Vi lever då tross alt i 2006 og ikkje i mørkaste middelalderen! Barnevernet har fått bekymringmeldinga om mindre.

- Men eg veit at min utløysar lever! seier Job til dei kranglete venene sine og til oss. Du kan godt meine at vona i eit hangande snøre er fattig trøyst for den som ikkje har noko betre å ty til. Det same fekk eg høyre frå ein ungdomskjærast som syntes at den nyvunne kristentrua mi øydela heile forholdet. Men det får våge seg. Eg vil heller tole at folk ser skeivt på meg enn å gje opp alt og kaste reiskapen på sjøen. Då vil eg stå tomhendt både no og ved enden av livet, og kva er så mykje betre med det? For eg veit òg at Gud er der for meg. Eg ser skaparkrafta når naturen kler seg i haustfargar og bur seg på vinter. Eg kjenner at tilliten gir meg kraft til å stå imot sarkastiske regnbyger og rein utskjelling i orkan styrke. Du veit at den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves. Ein gong kjem Sogndal til å rykke opp att til elitedivisjonen i fotball. Så når Frelsaren ein dag kallar meg heim, skal ingen få hindre meg. Det er tross alt betre å tru og ta feil, enn ikkje å tru og oppdage at det var feil.

God helg og Guds signing!
Publisert i Firda 29. september 2006 © Jan Roar Sekkelsten