16 desember 2006

Matteus 11,2-10 - Vakt deg for synsarane

Tekstbetraktning for 3. søndag i advent, tekstrekke I
Matt. 11,2-10 - www.bibelen.no

Det er advent, julestri og tentamenstid. I heimen held far oppmuntrande foredrag med von om god innsats på skulen, men under formaningane eg held for ungeflokken ligg minnet om mine eigne skuledager. Der låg ein tentamen i norsk i leia som eit stort, grått og trugande isfjell. Var du uheldig med navigasjonen den dagen, kunne både skuleval og yrkeskarriere lide samme skjebne som Titanic. Fram frå dette norskpensumet stig minnet om Prøysen sin tekst om romantikken og ungdomsforelskinga sine problem; «Åkken ska' ein go'blunke tel?» Å velgje seg ein hjerteven er på mange måter den første politiske og diplomatiske erfaringa mange gjer seg. For «til lags åt alle kan ingen gjera». Du skal ha eit mål, ein strategi og kjenne ditt publikum for å spele korta riktig.

Men sjølv når du har tatt ei avgjer, er likevel ikkje vegen utan slaghol og djupe grøfter ein kan falle i. Kommentatorar, forstå-seg-på'arar og synsarar står tett i tett som gjestar rundt julebordet og gir sine meiningar til kjenne. Då er det sannelig ikkje lett å halde tunga rett i munnen og fokus på det ein meiner er rett og riktig. Dette gjeld ikkje berre i jakta på den store kjærleiken, men på stadig fleire område i livet. Med internett i nesten kvar heim finnst det ikkje lenger nokon terskel for å spreie sterke meiningar og kvasse synspunkt for heile verda. Før du veit ordet av det, heng du i gapestokken til nokon som ikkje delar dine standpunkt, livssyns eller prioriteringar. Dette ser vi dagleg utslag av i sjukehuskampen, debatten om skywalk'en eller i Rein Aleksander sine utsegner om kva takhøgde han treng for å utøve kunst. Er det verkeleg slik at soknepresten tek kyrkja si rolle i jula for høgtideleg? Skal kvar gjestesongar kunne disponere kyrkjerommet og forsamlinga fritt etter sitt kunstnarlege uttrykk og musikalske kjensler?

Det kan synest som ein trend i tida at det ikkje skal vere for mykje kyrkje i julefeiringa. Presten kan liksom godt spare seg til klokkene ringer høgtida inn julafta. Då kan han for nokre dagar kome fram med jesusbarnet og englane, berre han gjer det på ein underhaldande, nyskapande måte som tek vare på tradisjonane. Klarar han ikkje denne balansegangen, blir han hovudinnslag i den neste førderevyen. Til trøyst skal han og hans like vite at dei er i godt selskap. No hadde dei ikkje tabloidaviser eller nettbloggar på bibelsk tid, men både Jesus og døyparen Johannes fekk passet sitt påskrive av synsarane. I søndagsteksten har Johannes havna i fengsel der han sidan blei halshogd. I avsnittet etter teksten peikte synsarane på at Johannes åt for lite og Jesus for mykje, til og med i dårleg selskap. Så døyparen mista hovudet og Jesus blei korsfesta. Men dei sto begge trufast løpet ut sjølv om det altså kosta dei livet. For ingen ting kan stå seg mot sanninga, sjølv om han er omstridd.

God jul og Guds signing!