04 mars 2007

1. Mos. 32,24-30 - Livet er ikkje for pysar

Tekstbetraktning for 3. søndag i faste, tekstrekke I
1. Mos. 32,24-30 - www.bibelen.no

Det er ikke alle som kjem like lett til det her i verda. Jakob var av dei som fekk oppleve dette. Heilt frå fødselen hadde han hatt hendene fulle med å halde seg oppe og framme. Han var etterkommar av dei namngjetne stamfedrane, son av Isak og barnebarn av Abraham. Men han var tvilling og broren Esau lurte ei hand ut i friluft først sjølv om han kom til verda etter Jakob. Og akkurat dette fekk Jakob betale for heile tida. Broren var odelsgut og farens yndling. Det som var att måtte Jakob slåss for.

For Jakob hadde ei anna innstilling enn den vi nordmenn oftast tenkjer på som fromheit. Jakob var ikkje den som sto med lua i handa, dukka nakken og trekte seg unna. Om han vendte det andre kinnet til ved eit høve, tydde det ikkje at han ville vike unna i neste samastøyt. Han kjempa for sin rett, han nytta dei høva han fekk og sjølv Gud måtte ty til noko ekstra får å få denne karen til å bøye kne. Og sjølv med hofta or ledd kravde han ei velsigning og fekk det. Han stridde mot både Gud og menneske, og vant. Han vart Israel, eit namn som ga eit land og eit heilt folk identitet og samhald som held seg den dag i dag.

Det står ingen stader i Bibelen at du skal la deg bli hersa med. Ingen bodord seier at du aldri skal ta til motmæle når verda går deg imot. Sjølv Gud sett pris på han eller ho som sett spørsmål ved tilvera og ikkje gjev opp før dei har fått eit truverdig svar. Men der tvilen blir ein livsstil som ikkje kjenner sin eigen plass, har det gått for langt. Tvilen må òg må ha eit grunnlag å stå på, for tvil er eit middel til forståing, ikkje eit mål i seg sjølv. Det finnst ei tyngdekraft for slike ting som tru, tankar og kjensler òg. Dei kan ikkje henge i lause lufta meir enn kroppen din kan. Både kropp og sjel treng til sjuande og sist fast grunn under føtene.

Kjemp for det du har kjært. Heile livsvegen er teikna av valg og avgjerder du må ta. Oppvekst, utdanning, familie, arbeid og bustad. Du treng heile tida å vite kva du trur på og kva eller kven du strir med, men du må òg vite kva du strir for. Ikkje slepp taket før du har fått ei velsigning. Eit ord, ein retning og ein ny bit av puslespelet livet blir lagt i hop av. Gud veit å gje deg motstand, men ikkje meir enn du taklar for vinne ny kunnskap om han, deg sjølv og verda omkring deg. Og med større kunnskap er vegen brulagt og klar for nye steg framover. «Så om er Gud for deg, kven kan då vere mot deg?»

God helg og Guds signing.


Publisert i Firda 2. mars 2007 © Jan Roar Sekkelsten