19 mai 2007

Joh. 15,15-16,4a - Facebook for evigheten

Tekstbetraktning for 6. søndag etter påske, tekstrekke I
Johannes 15,15-16,4a - www.bibelen.no

Hans Jakob Reite har eigen blogg på firda.no der han luftar sine friske synspunkt på dette og hitt. I debattforumet på same stad får han svar frå "Labbetuss" og andre, og svara er oftest minst like friske i tonen. Sånn blir det når ein har kjensle av å kjenne nokon godt, men veit at ein slepp å sjå vedkommande i auga på jobben måndag morgon. VG Nett har fått lesarane sine til å skape heile nettbyar der mange kan tilbringe dagar og netter i prat med vener og ukjende heller enn å treffe dei på kafè, trening eller i foreiningslivet. Men dette er berre småtteri mot sjefen sjølv, Facebook. Der kan du skape deg eit "rom" med nokre tastetrykk og møblere det med opplysingar om tru, tvil, tankar og handlingar i ord og bilde. Det er berre å krysse av, og nettverket finn fram til andre som trur, tvilar, tenkjer og meiner om lag det same som du. Så er det berre å be vedkommande om å bli ein ven, friend. Aksepterar han eller ho, kan alle dei andre venene dykkar sjå at de no er "friends". Så kan dei surfe seg fram frå den eine kjennskapskrinsen til den andre.

Men som alle andre menneskebygde herlegdommar rekk heller ikkje dette bygget heilt opp til himmelen. Som alltid når menneske er involverte finnst det skuggesider her òg. Side om side med entusiastiske artiklar om kor nyttig, bra, kjekt og lærerikt nettsamfunn kan vere, advarer dei same journalistane om farene som ligg og lurar. Falske identitetar, snoking i privatlivet og avslag på jobbsøknader er berre noke av det som kan ramme oss hvis vi trør feil. Har dei mest paranoide av kritikarane rett, sit CIA og andre etterretningsorgan og ventar på at vi skal avsløre oss sjølv som potensielle terroristar. Det manglar ikkje på advarsler verken frå datatilsynet, mediekommentatorar og karriereplanleggarar. Og det kan jo vere noko i det. For eit saftig rykte lever lengre på nettet enn på folkemunne, og eit uskuldig bilde frå eit litt dristig augneblink i russetida kan slå frykteleg tilbake rett før sølvbryllaupet skal feirast. Digitale bilde falmar ikkje.

Bordet fangar heiter det i kortspel, og Jesus er like klar på disse sidene av tilveret når han snakkar om framtida med disiplane sine. Det er som når etterforskarane på TV slår kloa i forbrytaren de har jakta på: «Alt du seier, kan og vil bli brukt mot deg.» Verda er ein nådelaus stad sjølv for dei snillaste og heiderlegaste av oss. Han fortel sine vener at å stå som "friend" på Jesus sin profil på Facebook vil gjere at du ikkje berre deler vener, men òg uvener med ham. Vi skal få den same hjelpa som han fekk når verda gjekk han i mot, den same støtta frå vår Far i himmelen og den same krafta til å stå faste i trua. Men vi må òg rekne med same mål av svik, vrangvilje og korsfesting frå folk som til liks med farisearane og dei skriftlærde trur dei gjer Gud og menneske ei teneste når dei stemplar oss som intolerante mørkemenn og spør om vi ikkje veit at vi lever i 2007. -Takk, Jesus! No skjønar eg betre korleis ting heng saman. Du visste det heile tida og gjorde det umoglege mogleg for oss.

God helg og Guds signing!

Publisert i Firda 18. mai 2007.
Bloggaren er ikkje ansvarleg for innhaldet på eksterne sider