10 august 2007

Luk. 19,41.48 - Mørkemann, -og stolt av det!

Tekstbetraktning for 11. søndag e. påske, tekstrekke I
Luk. 19,41-48 - www.bibelen.no

Kalenderen min går for seint. Den er framleis i førre århundre eller før det. Det er noko galt med kartet mitt òg. Somme seier eg er heilt på jordet, -feil jorde. Dette kjem oftast for ein dag i samtalar om moderne livsstil og trendar innan m.a. sex og samliv. Det er ikkje berre på desse områda eg får høyre det, men oftast er det her tidsriktige meiningsytarar har dei ømmaste tærne. Dei mest frilynde debattantane gir meg diagnosen «tilbakeståande mørkemann frå middelalderen». Toleranse gjeld nemleg ikkje oss mørkemenn.

Gammal visdom må vike for ny erkjenning. Det var slik på Jesu tid òg. Han var heller ikkje opplyst eller vidsynt nok til å ta det inn over seg. At gode jødar skulle betale tempelskatt, var rett og rimeleg, men det kunne dei sjølvsagt ikkje gjere med romerske pengar. Dei hadde jo keisaren sitt bilde på seg. Og kven var det som hadde tid til å ordne seg med sine eigne offerdyr, dueungar, oksar og lytefrie lam? Her låg sjansane vidopne for dei som hadde lese leksa si om marknadstilpassing og produktutvikling.

Men så kjem altså mørkemannen Jesus til torgs. Om du leitar etter prov på Guds vreide og heilag krig i kristen samanheng, så finn du det her. Den elles så omsynsfulle og kjærlege Jesus, han som er barnet i krybba ved juletider og som ikkje eingong fordømmer syndarar som er tekne på fersk gjerning, svingar plutseleg pisken og veltar bord. Her blir marknadstilpassinga sett til veggs så det synest. Dei det går ut over er velmeinande handelsmenn som berre sørgjer for varer og tenester som marknaden etterspør.

Kven trur han eigentleg at han er? Guds son eller noko, slik at han er betre enn oss og veit korleis ting skal vere? Jesus ønskte seg ikkje shopping i templet, men tru og bønn. Og han tek hardt i for å vise kor alvorleg det står til. Tru er ikkje noko ein berre steller med på søndag og elles når ikkje andre ting kjem i vegen. Trua er som lufta vi pustar i og maten vi set på bordet.

Vi veit mykje om forureining og årsakene til klimaendringane i dag. Kan hende har vi vel så viktige klimaspørsmål å ta oss av i oss sjølve før stormar og rasfare tek utviklinga med seg i avgrunnen der òg. Slike tankar gjer eg meg rundt teksten på søndag. Men eg er jo berre ein middelaldersk mørkemann som ikkje veit betre…

God helg og Guds signing.


Publisert i Firda 10. august 2007