23 desember 2007

Joh 1,16-18 - Ingen god skugge utan skikkeleg lys

Søndag etter jul, tekst: Joh 1,16-18 - www.bibelen.no

Eg har hund. Ein rimeleg stor ein med mykje svart pels, men med kvite og brune teikningar. Desse kontrastane er med å gjere rasen spesiell og særdeles tiltrekkande i mine auge. Kontrastar er viktige. Utan dei ville tilveret vore aude, tomt og dørgande kjedeleg. Ikkje slik at eg helst held meg i skuggen når andre sit ute og nyt sola ein sommardag. Eg er sanneleg ingen sjølvplagar. Ingenting er verre når eg er ute på ski enn at lyset blir flatt slik at konturane i snøen forsvinn. Då ser ein ikkje kular eller staup, men havnar på trynet i laussnøen. På kino og teater er det på same måten. Det dei vil vise fram på skjerm eller scene blir mykje meir synleg når det er mørkt i salen.

Det er nokon som synest å meine at synda kom til verda då Moses kom berande på dei ti boda. Det var liksom då «du skal...» og «du skal ikkje...» blei oppfunne. I det heile likar vi ikkje at Moses eller andre utanfrå skal komme med peikefingeren og si «nei, nei» når vi sjølv meiner vi har både lyst, behov og rett til å velgje utan innblanding. Heller ikkje muslimane i Førde sitt ønskje om eit forsamlinglokale eller EU sine krav om tilpasningar i landbruket utsett oss for nye trugsmål. Men som utfordringar i kvardagen kastar dei effektivt lys på ting vi til vanleg ikkje ofrar mange tankar. Dei får fram tankar og meiningar vi elles ikkje visste vi hadde. Kristopher Schau sin TV-serie om dei sju dødssyndene sette eit ubehageleg lys på ting som hender, men som vi ikkje hadde lyst til å vite.

På same måte som doktorane tek prøver og finn ut kva sjukdom som plagar oss, gav Gud oss diagnosen med ti bod inngraverte i stein. Legane skriv ut medisin, startar for behandling eller sender deg vidare til spesialister. Guds inngrep mot sjukdomen som rir verda var å sende sin eigen son. Mange snakkar om å sjå lyset når dei fortel om korleis dei opplevde å ta imot Jesus som frelsar, og det er noko i det. På eit solur er det skuggen som fortel kva tid det er på dagen, men utan lyset frå sola er det ubrukeleg. Augekontakt med horisonten er viktigare for ein flygar enn alle instrument i verda. Gud kan vere vanskeleg å forstå seg på, «men den einborne, som er Gud, og som er i fanget til Far, han har synt oss kven han er». På veg mot nytt år og neste jul kan du la barnet i krubba vokse opp og bli ein flygeleiar som tar deg trygt inn for landing på riktig stad.

God helg, godt nytt år og Guds signing!


Publisert i Firda fredag 28. desember 2007