29 februar 2008

Joh. 6,24-36 - Alle vil ha ein bit av Jesus

4. søndag i faste, tekst: Joh 6,24-36 - www.bibelen.no

I reklamen seier Coca Cola at logoen deira er kjend på fleire stader i verda enn Jesus er. The Beatles meinte i si tid at dei var meir populære enn Jesus. Det er mange brukar Jesus som målestokk og referanse. For kristne er han Guds son, frelsaren. Jødene ser ein dyktig skriftlærd eller ein profet for sin Messias. Muslimane kjenner Jesus som den siste store profeten før Muhammed. I hinduismen er Jesus ein av fleire guddommelege meistrar. Sjølv ateistane framhevar Jesus som moralsk forbilde og rettferda sin talsmann.

I den amerikanske presidentvalkampen er det óg viktig å presentere seg som skikkeleg kristne og gudfryktige. Neste år er det stortingsval her på berget. Då kan vi sjå det same langt utanfor Kristeleg folkeparti sine rekkjer. Allereie på 70-talet laga Ole Paus ei nidvise om alle partileiarane som valfarta til kristne stemne for «å angre synder, gjøre bot og sanke stemmer.» Det må vere noko utanom tid og rom som gir denne mannen slik tyngde og gjennomslagskraft. Ingen vitskapeleg revolusjon har gjort han overflødig. Trass politiske omveltingar, kyrkjesplitting, teologisk korrupsjon og ideologisk forfølgjing satsar framleis millionar liv og helse for trua på at Jesus er Guds son.

Rett før jul såg Ole Christian Norevik i Homor Jesus for seg som ein 30 år gamal rånar med med langt hår, skjegg og ein heller suspekt bodskap. Utan hjelp frå Facebook og SMS-kampanjar hadde Jesus klart å få folk over heile verda til å tru at sjølvaste Gud er far hans sa han. Det var ironisk meint, men det er langt på veg rett. I teksten sier Jesus at «-Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» ... «-Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tørsta.» Anten er kvart ord fullt og heilt sant, eller så lyg han verre enn nokon annen i verdshistoria. Jesus kallar på noko innerst inne i oss. Vi strekkjer oss mot han som blomar mot vårsola, opp gjennom kulde, snø, slaps og skit. Ikkje alltid veit vi kva vi det er i dette som tiltrekkjer oss, og ikke alltid veit vi kva det vil med liva våre. Men vi veit at vi «må ha det, berre må ha det», meir enn mjølk frå Tine. Eller kva trur du?

God helg og Guds signing!


Publisert i Firda fredag 29. februar 2008