16 mai 2008

Matt 28,16-20 - Trygg guiding i dårleg ver og på utrygge vegar

Søndag etter pinse, tekst: Matteus 28,16-20 - www.bibel.no

På bilmarknaden er merke som Moskvitch og Lada borte. Tsjekkiske Skoda gjer det etterkvart bra, men sjølv nesten tjue år etter at skillet mellom Aust- og Vesteuropa fall heng enno uttrykket "Kvifor køyre Skoda når du kan gå da?" att i minnet. Nye modellar, positive testar og nøgde kjøparar kan ikkje heilt ta vekk skuggen frå fortida. Kjem du uheldig ut, skal du slite lenge med å vinne tillit. Det kan vere øydeleggande for all framtid og ei elles lysande karriere.

Innan den kristne læra har særleg jomfrufødselen og at Jesus døde og sto opp att fått hard medfart. Mistru og stygge rykte har heldt seg godt. Avsnittet før teksten fortel at vaktene som skulle passe på grava blei rundeleg betalte for å spre løgn. Det var ein stor sjanse å ta, for ein romersk soldat kunne miste hovudet for mindre tenesteforsøming enn å sovne på vakt. Men kva anna kunne dei gjere?

Spekulasjonar og konspirasjonsteoriar rundt dei mest mirakuløse sidene ved Jesu liv er mange og seigliva. Nesten to tusen år etter hendingane i Jerusalem brukte Dan Brown eit utval av desse i boka "Da Vinci-koden". Sjølv om han berre kokte suppe på gamle spikrar, kunne han glise heile vegen til banken. Men trass filosofiske sidesprang, teologiske sjølmål og juridiske grisetaklingar opp gjennom historia vinn evangeliet om frelsaren Jesus Kristus stadig nytt terreng. Sjølv blant disiplane var det tvilarar, så kristentrua har ikkje alltid kome lett til det.

Løgn og spekulasjonar har det til felles at dei må tilpasse seg tid, stad og kva tilhøyrarar ein har med å gjere. Sanninga treng derimot ingen advokatar eller store tenkjarar. Det greier seg med vitne som ikkje let seg kneble, sjølv om dei blir oppfatta som politisk ukorrekte. Går ein på tur med ungar, kan kvistar og steinhaugar gje grobotn for dristige teoriar om korleis det blei slik. Det er moro å dikte fritt, men det enkle er oftast det beste. Eit bål og ein varde seier meg at nokon har vore der før.

Då Jesus sende disiplane sine ut i all verda for å vere vitne, lova han at han skulle vere med dei alle dagar. Og over alt fann dei at det var gjort i stand for dei. Så óg når ein austlending ser attende på ti år i Sunnfjord og ei kyrkjeplanting som kanskje ikkje blei heilt som forventa. Kvar einaste dag ser eg at Jesus legg ting til rette. Ryktet om Guds død er sterkt overdrevet og eg er ikkje på villspor.

God helg og Guds signing!


Publisert i firda.no, fredag 16. mai 2008