09 januar 2009

Stille før stormen

Tekst for søndag 11. januar 2009: Matt. 3,13-17 - www.bibel.no

Då Johannes tok til å forkynne omvending og dåp for angrande syndarar i elva Jordan hadde det vore «stille frå himmelen» i fire hundre år. Ikkje ein profet hadde i mellomtida kome med ord frå Gud. Fire hundre år er lenge, men ikkje lenger enn at vi har eit forhold til det. Sjølv ikkje i våre dagar kan vi tillate oss å gløyme det som skjedde innan politikk, kunst, kultur og vitenskap på 1600-talet. Vi ville rette og slett ikkje vore der vi er i dag om det ikkje hadde vore for dei hendingane, kunstskattane og oppdagarane. Men når det ikkje skjer noko på ei stund blir vi som ungane på kyrkjebenken. Det kriblar og klør i hender og føter. No må det berre må skje noko snart!

Vi har nett feira at Jesus blei født. Sidan har vi gått inn i eit nytt år og i teksten for denne sundagen kjem Jesus att. Tretti år er gått sidan han låg i krybba. Det einaste Bibelen fortel oss om tida mellom er at han som trettenåring var i templet i Jerusalem. Der forundra han farisearane og ga dei skriftlærde hakeslepp. No står han på elvebredden saman med allminnelege menneske som kjenner at Johannes til tross eit uflidd ytre og krasse ord teiknar opp ei ny tid. Det er gjennom dåpen i Jordan at Jesus står offentleg fram og tek fatt på frelsargjerninga. Verda blir aldri den same etterpå og ingen kan sei at det ikkje angår dei.

Gjennom heile verdshistoria er det knytt store ting til Midt-Austen. Her har storslagne kulturar og sivilisasjonar vokst fram og gått til grunne. Det har alltid vore ein skodeplass for kunnskap, handel og storpolitikk. Tre verdsreligionar har si tru og sine heilage stader knytt til dette området, og i følgje Johannes openberring, den siste boka i Bibelen, skal dommedagsslaget ved Harmageddon, det endelege oppgjeret mellom godt og vondt, stå her. Midt-Austen er sterke kjensler og store interesser. Så når det skjer noko der, vil konsekvensane sette tidsskilje i historiebøkene. Difor angår det som skjer i Israel og i Gaza oss, for verda kjem ikkje til å vere den same etterpå.

God helg og Guds signing.

Publisert i firda.no, fredag 9. januar 2009