18 september 2009

Altfor mye kjekt å ha

Tekst for søndag 20. september 2009: Matt. 6,24-34 - www.bibelen.no
«Hvem av dere kan vel med all sin bekymring legge en eneste alen til sin livslengde? Og hvorfor er dere bekymret for klærne? Se på liljene på marken, hvordan de vokser! De strever ikke og spinner ikke, men jeg sier dere: Selv ikke Salomo i all sin prakt var kledd som en av dem.» - Matt. 6,27-29
Det var moro å vere på konsert med Øystein Sunde i Førdehuset fredag for ei veke sidan. Han er framleis ein glimrande gitarist og minst like kjapp i kjeften no som han var for førti år sidan. Som få andre maktar han å sette ein humoristisk diagnose på oss nordmenn. Du kjenner deg att i songen om alt vi skaffar oss eller tek vare på fordi det, ja nettopp, kan vere veldig kjekt å ha. Det er tre grunnar til at vi skaffar oss alt dette, seier han. Det er fordi vi treng det, fordi vi trur vi treng det, og for å gjere naboen misunneleg. Det er viktig å ha overtaket.

Slik er loftet vårt blitt ein kombinasjon av museum og arkiv. Opp dit har vi gjennom gode år putta mest alt som vi har vokse i frå, slutta å bruke og ting som rett og slett er for gode til å kvitte seg med. Det kan jo tenkjast at vi får bruk for det ein dag. Men no er det fullt, og vi må ta harde avgjerder om kva vi skal behalde og kva som må ut. Eg blir stressa av å ta slike valg, og ønskjer av og til at eg kunne byte plass med kattane i huset. Dei kan liggje å dra seg heile dagen utan å ofre rotet ein tanke. Dei har ikkje noko budsjett å passe, ingen rekningar som forfell eller ambisiøse planar for framtida. Dei søv, dei et, tek ein snurr ut før dei kjem inn att og sloknar på sofaen.

Det er vanskeleg å velgje. Valkampen var sterkt prega av bekymring, men óg forventning. Det høyrdes ut som det ikkje måte på kor elendig det står til her i landet. Samtidig var det heller ikkje måte på kor bra det vil bli om berre dei rette kjem til makta. Eg trur alle partia er i stand til «å redde Noreg» berre vi vaknar opp og skjønar at dei siste tretti åra har vore ein draum. Det er ein god ting å ta vare på det Gud har velsigna oss med, men å gøyme det bort for å halde andre unna vil han ikkje vere med på. Sjansen for at vi har for mykje er større enn at det blir for lite. Det heile dreier seg om leve i tru og tillit.

God helg og Guds signing!

Publisert i firda.no, fredag 18. september 2009