27 november 2009

Endeleg!

Tekst for 1. søndag i advent, Lukas 4, 16-22a - www.bibelen.no

Å, denne søndagen har vi venta på så lenge. Sjølv om eg tek til å bli vaksen og ungane er blitt så store at eg ikkje lenger veit kva som er populært i leikebutikken, sluttar eg aldri å glede meg til jul. Allereie når eg tek i bruk ein ny kalender etter ei veke med julemat, juleprat og julefest veit eg at der, på bakerste bladet, ventar ei ny jul med nye gleder. «Om ingen går i fella, men passer seg for den, skal alle om et år få feire jul igjen.» Berre vent!

For mange er ventetid ei liding sjølv om du ventar på noko godt. I skrivande stund går ein kjenning og ventar på å bli pappa for første gong. Han er rastlaus og sit heilt frampå kanten av stolane, klar til å springe. Eg veit kva han går gjennom, for eg har sjølv vore der tre gonger. Men det er ikkje alltid naudsynt ikkje dele forventingane for å kunne dele gledene. Eg syntes det var stas at Førde rykte opp til 2. divisjon tidlegare i haust, sjølv om eg personleg ser på fotball som ei landeplage. Opprykket var noko som mange har venta på og drøymt om lenge.
Då tala han til dei og byrja slik: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» Alle tala vel om han og undra seg over dei nådeorda som kom frå hans munn.
Men av og til, når vi har venta på noko frykteleg lenge, hender det at sjølve ventinga blir ein livsstil. Løftet om ein frelsar går som ein raud tråd tvers gjennom det gamle testamentet heilt frå 1. Mosebok. På Jesu’ tid hadde jødane venta så lenge på Messias at ventinga var blitt ein del av trua. Så då Jesus las frå Jesaja, ein av dei viktigaste profetiane, og sa at løftet no var oppfylt, fekk tilhøyrarane hakeslepp og blei sittande og glippe med augene. Det kom på dei som julekvelden på kjerringa. Mange nekta å tru det, og dei nektar framleis.

Men for oss er ventinga over. Postordrekatalogane med juletema kom i september, julemarsipanen har vore i butikkane sidan oktober og dei første julekalendrane dukka opp tidleg i november. Men denne søndagen kan vi tenne det første lyset, og så er adventstida i gang. For snikkarsonen i synagogen fór ikkje med laust prat. Gud held det han lovar.

God advent og Guds Signing!

Skrevet for Firda og publisert der 27.11.2009
Samtidig feirer vi at dette er innlegg nr. 100 i tekstarkivet. Man klapper seg ydmykt på skuldra og sier «flink gutt».