05 mars 2010

Ikkje alltid snill og grei

Tekst for 3. søndag i faste, Lukas 4, 31-37 - www.bibelen.no

Eg er eit utprega B-menneske og vekkjarklokka vekkjer mest motvilje hos meg. Med velutvikla lakenskrekk kan eg halde meg aktiv og sosial til langt på natt. Det er seine kveldar og lange netter som har lært meg det eg trass alt kan om databruk, musikk og anna moro. Men treng du hjelp ein tidleg morgon, bør du sjå ein annan veg. Vekkjerklokka er eit torturinstrument for folk med mi legning. Det er det same om ho byr på ilter piping eller mjuk musikk. Det gjer vondt langt inn i ryggmargen når levenet sett i gang. Men om det ikkje er godt å blir riven ut av søvn og sengevarme, veit eg at det må til. Eg skal vere takksam for at klokka held ut med meg og gjer jobben sin.

For av og til må det tøffe tak til for å få liv i folk. Det oppdaga eg då eg skulle lære hjarte-lungeredning. Instruktøren ba om seriar på tretti hjartekompresjonar og så to innblåsingar munn mot munn. Eg gjekk laus på dokka og syntest eg trykte brystkassa langt ned i golvet. Likevel blei eg bedt om å ta hardare i. Knekte ribbein er altså ein grei pris å betale for å berge livet. Du veit, redningsmannskapa sjekkar ikkje pris og årsmodell før dei går laus med krokar, kjettingar og svære, hydrauliske sakser for å få deg ut av bilvraket. Røykdykkarane bankar heller ikkje høfleg på og spør om dei kan komme inn når det brenner i huset. Nei, dei bryt opp døra og gjer det som må til.
Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!»
Jesus er heller ingen politimester Bastian fra Kardemomme by når menneske eller makter utfordra han. Det er ikkje tilfeldig at det kallast vekking når han grip radikalt inn i livet til folk og endrar mål og meining. Det same skal vi gjere når mannevonde haldningar og livsfientlege idéar ytrar seg. Sjølvsagt vil vi møte protestar og krasse anklager frå dei som ser seg tent med slikt, men det er ikkje då ein skal snu det andre kinnet til. Det er ei utakknemleg oppgåve å vere vekkjarklokke eller røykvarslar. Dessto betre løn er det når folk kjem seg opp og bergar livet.

God helg og Guds signing.

Skrevet for Firda og publisert der 05.03.2010