24 september 2010

Ut av vanens makt

Tekst for 18. søndag e. pinse, Johannes 8,31-36

- Kjell Aukrust er eller skal bli maler - Går på malerskole. Slipp ham inn! Med denne korte meldinga, handskriven på ein lapp, fortel Kjell Aukrust i biografien sin at han slapp inn på Frogner stadion. Der fekk han sjå skøyteløparen Ivar Ballangrud sette ny verdsrekord på 5000 meter i 1936. Lappen var skriven av den legendariske kunstnaren Henrik Sørensen. Riktignok var den myndige meldinga mynta på Kunst- og handverksskulen, men ein idrettsinteressert Aukrust så sitt snitt til å prøve lykka. Det gjekk, for alle visste kven Henrik Sørensen var, og han hadde ein slik autoritet at hans ord gjaldt som lov langt utover omgangskrins og fagområde.

I våre dagar har respekten for slike autoritetar krympa voldsomt. Sjølv ein kulturminister på offisielt besøk må pent betale for seg i Fjærlandsbommen, og riksavisane kasta seg over kronprinsen då han dro ut i båt utan redningsvest. Men på andre område har tradisjonar og vanetenking eit godt tak på oss. For å halde oss til Aukrust, så bur det ein Ludvig i oss alle. Pinnsvinet frå Flåklypafilmen er inngrodd pessimist og redd for gjennomgripande forandringar. Difor vekte innføringa av fargefjernsyn i si tid hard debatt, og det var ikkje nordmenn som var først ute med plastski, skøyting i langrenn eller V-stil i hopp. Vi likar å halde stilen.

Men form kan aldri erstatte innhald. Sjølv stolte tradisjonar blir ei tvangstrøye om vi mister den opprinnelege meininga av syne. Hos israellittane var Guds løfte om frelse uløseleg knytta til slektskapet med Abraham. Men dette gjorde samtidig vanskeleg å sleppe Abraham då Gud oppfylte løftet gjennom Jesus. Historielause tradisjonar er ikkje bare meningslause, dei held oss att i fortida og stenger for framtida. Det er ikkje fritt for at vi gjennom kyrkjehistoria óg kan ha hengt vel mye pynt på treet, i beste meining og med ein god tanke bak. Men søndagens tekst utfordrar oss til å møte Jesus ansikt til ansikt, heilt utan filter. Det er han som er viktig, ikkje alt det andre.

God helg og Guds signing

Skrevet for Firda og publisert der 24.09.2010