03 desember 2010

Kva ventar du på?

Betraktning over Lukas 21,25-33, bibel.no

- Berre vent! Slik kan enkle ord ta motet frå ein stakkar, og gjere framtida mørk og dyster. Ventetida kan vere tung. Dette er truleg grunnen til at venterom ikkje har særleg høg status, i alle fall ikkje dei hos tannlegen eller på Firda billag etter at siste bussen har gått på julafta. Kva kvalitet det er på ventetida heng altså nøye saman med forventingane vi har. I lyset frå utstillingsvindauga i adventstida er det lett å sjå kva ein går glipp av om ein ikkje fell inn i mønsteret. Aldri elles i året er det så lett å bli kjend med skuggesidene i livet. For mange er tida frå no og fram til jula er over ei sann mare.

- Berre vent! Det kan óg ligge håp og trøyst i desse orda som gjer det mogleg å halde ut. Eit levande håp som flytter merksemda frå det som berre dreier seg om å ha det fint og reint og nypussa, og løfter blikket opp og fram. Det kan vere eit drag i lufta som tyder på at eit brett småkaker snart er klart for prøvesmaking, eller små hint i ei samtale som gjer deg glad og nysgjerrig. Det kan  óg vere eit vérteikn som fortel deg kva morgondagen bør brukast til. Til og med kraftig motbør eller fare er til å leve med når det fører deg vidare mot nye mål. Ein kan sjøvsagt ikkje alltid vite sikkert, men om det finst ein spire av håp er det god nok grunn til å stå på.

Advent er ikkje berre fire søndagar med ventetid kvart år fram til butikkane stengjer og pinnekjøtet kjem på bordet. Ventetida fram mot feiringa er ei påminning om at han som oppfylte alle Guds løfter etterlot seg eit nytt; Han skal kome attende, og då med ein ny himmel og ei ny jord. For nokon vil det vere ein draum som viste seg å vere sann, mens andre vil sjå det som ei katastrofe av dimensjonar. Men vi ventar alle, same kva vi trur eller ikkje trur om dette. Det som skil oss, er kva det vil bety for oss når det skjer, om det skjer. Men frå sist er invitasjonane sendt ut, dørene til gjestbodet står framleis opne og det er ledige plassar ved eit dekka bord. Kva ventar du på?

God helg og Guds signing!



Opprinnelig skrevet for Firda og publisert den 3. desember 2010.