10 juni 2011

Samlande språkforvirring

Betraktning over Apostelgjerningane 2,1-11, www.bibel.no


Eg er ein innvandrar. I desse dagar er det fjorten år sidan eg kom over med ekspressbussen fra Oslo og kjøpte meg husvere. Så lenge har eg aldri tidlegare budd på ein stad. Likevel er og blir eg ein innvandrar. Rett nok skriv eg desse tankane rundt preiketeksten på nynorsk og hudfargen er den same som hos dei innfødde, men dialekta mi avslørar at eg ikkje er førdianar med det same eg opnar munnen. For identitet er mykje meir enn målføre og bustad. Identitet blir skapt av historisk tilknyting, lynne og sosialt nettverk. Du kan ta ein sunnfjording ut av Sunnfjord, men ikkje Sunnfjord ut av sunnfjordingen. På same måte kjennest det trygt og godt å sjå norske bilar på vegane og høyre norske stemmer i utlandet. Då er du med eitt ikkje så aleine.

Det gamle testamentet fortel at menneskja ville byggje seg like inn i himmelen. For å hindre dette ga Gud arbeidarane ulike språk. Dermed kunne dei ikkje lenger snakke saman og uttrykket «babelsk forvirring» oppsto. Arbeidet stoppa opp fordi det blei innbyrdes stridigheiter, mistydingar og arbeidsfolka gjekk kvar til sitt saman med dei som snakka same språket. I dag veit vi mykje om kor viktig det er å lære seg språk og kultur om ein vil bli kjend med seg sjølv og forstå andre. Det skjønar du når ein kar tek på seg å male vindauga i huset ditt mens du er på ferie. Etter fire dagar ringer han og spør om han skal ta karmane óg med det same...

På pinsedagen fekk disiplane den heilage ande over seg. Dei som før gøymde seg, sto fram og talte. Ikkje berre talte dei, men dei talte ord som utlendingane forsto. Jesus var ikkje lenger berre for ein liten flokk arameisktalande jødar i Jerusalem. Språkbarriera var broten. Bodskapen om Guds frelse blei spreidt for alle vindar. Frå den dagen er det ikkje oppvekst, tradisjon eller språk som bind dei truande saman. På pinsedagen oppfylte Gud løftet Jesus gav ved himmelfarten ti dagar tidlegare og profetien frå Esekiel: «Og eg vil gje dykk eit nytt hjarta og la dykk få ei ny ånd inni dykk.» Gåva frå himmelen gjer oss til eitt i Kristus.

God helg og Guds signing!




Opprinnelig skrevet for Firda og publisert den 10. juni 2011.