05 april 2012

Då Gud slutta å slåss


Det er ein myte at for nordmenn flest er det viktigaste i påska knytt til lange skiturar på snøkledde fjell. Etterpå slappar vi av med varm sjokolade, nyskrella appelsinar og en haug krimbøker i solveggen. Nei, dei aller fleste av oss held oss faktisk i låglandet, og legg heller om til sommardekk på bilen enn å klistre skia fast i dei siste snøflekkane. Men i god nasjonalromantisk tradisjon held vi fast på bildet av oss sjølve som nære slektningar av Lars Monsen.
Det er óg ein myte at kyrkjene er lite besøkt og står tomme denne veka. Fleire enn du trur går faktisk i kyrkja både i påska og elles i året. Dei som har rekna på det, har funne ut at gudstenestene her i landet totalt sett er betre besøkt enn ein gjennomsnittleg runde i Tippeligaen. For bodskapen om fred og forsoning mellom Skapar og skapning like levande, sjølv om Einar Gelius* sår tvil om meininga med krossfestinga og ateistane hevdar at Gud er daud, eller i alle fall slem.
Det er ein myte at Gud er dømmande og hevngjerrig. Påskebodskapen med nattverd, krossfesting og oppstode er det stikk motsatte. Skal det bli slutt på ein slåsskamp, må nokon slutte å slå. Rett nok risikerar du å få høyre at du feiga ut og tapte, men på litt lengre sikt har du vunnet sjansen til å gjere noko anna. Hangen vikingane hadde til blodhevn og slektsfeider over fleire generasjonar blei borte då kristendommen gjorde sitt inntog. Jeg trur faktisk vi skal vere glade for det. Men når det er sagt, skal du likevel ikkje akseptere å bli utsatt for vald eller overgrep.
For når det kokar mellom øyrene er ord om tilgjeving og forsoning tøffe tak. Da høyrest det ikkje eingong fornuftig eller klokt ut. Det strider mot alt som boblar fram i oss når vi møter urett, urimelege krav eller vi følar oss truga. Men Gud har slutta å slåss, og tek ikkje igjen sjølv om det var vi som starta. Det var dette som skjedde då Jesus døyde og sto opp att for vår skuld. Så det viktigaste du kan gjere i påska, er å finne ut kven du skal slutte å slåss med.
God påske og Guds signing.

Opprinneleg skrive for Firda og publisert der fredag 03.04.2012
*Kronikk på VG Nett onsdag 4. april 2012; «Jesus døde ikke for våre synder»