10 august 2012

Gud rir ikkje paragrafar


Til ettertanke, søndag 12. august 2012 - Markus 2, 23-27

Eg held meg med store hundar, og når ein har slike i hus må reglane vere klare og lærast inn tidleg. Det dei ikkje skal få lov til når dei blir store og tunge, kan dei heller ikkje få lov til når dei er søte og små. For det ein hund ein gong har lært seg til, skal det utruleg mykje til å endre. Min fyrste hund likte å få beskjed. Han var både stor og sterk, men inne i seg var han ein usikker stakkar. Difor var han aldri så lukkeleg som når vi trente lydigheit eller han blei spent foran vogna si. Då visste han kva som skulle skje og at eg ville gje ordre han kunne utføre. Og han gjorde det til punkt og prikke. Flinke bisken.

No rett føre skulestart kan vi sjå grelle eksempel på liknande åtferd, men no gjeld det ikkje hundar og husleg åtferd. No gjeld det skuleplassar, søknadsprosessar og rutinar. I avisane les vi om ungdommar som står utan skuleplass fordi vitnemål og attestar blei sendt inn på feil måte eller på feil tid. Kontoristane kan berre beklage og peike på at reglane er klare. Dei har ikkje høve til å la nåde gå for rett sjølv om det berre står om småting. Finnst det ikkje heimel for unntak, kjem ein ingen veg. Korleis ville det bli om ein gjekk utanom retningslinene? Det skulle tatt seg ut.

I tidlegare tider var helgefreden omfattande. Nåde den som lot klesvasken henge ute eller som stelte i hagen i kyrkjetida. Religiøse lover kan synest meir kompromisslause enn andre fordi lovgivaren befinn seg på eit anna og utilnærmeleg plan. Kven kan krangle med Gud, liksom? Det er her farisearane som går laus på Jesus sit fast. Dei er så redde for å gjere feil, at det dei gjer blir endå verre. Gud veit at livet ikkje alltid passer klokka, og han er stor nok til å sjå mellom fingrane med eit menneske som er kome i utakt. For bak lovane har han ein hensikt som er viktigare enn lovteksten; Kjærleik. Det er denne han ønskjer å vise oss. Då blir det óg lettare sjå nytta vi har av lovane.

God helg og Guds signing.

Skriven for og publisert i Firda fredag 10. august 2012, 25. mai 2012