28 juni 2013

Eit spanande laguttak


Til ettertanke, søndag 26. juni 2013
Prekentekst: Markus 3,13-19

Det kan vere frykteleg vanskeleg å ta ut det rette laget. Mi erfaring om dette kjem frå tida som fotballpappa i den lokale grendaserien. Alle som hadde lyst skulle få vere med, men stemninga og meistringskjensla blei mykje betre for alle om målskilnaden ikkje blei for baktung. Engasjerte ungar har tilsvarande lite forståing for idrettsforbundet sine barneidrettsregler. Midtsirkelen under Knax-turneringa var ikkje rette staden å megle. Dommaren og dei andre foreldra såg på klokka, og ga meg til slutt time-out for resten av dagen. Sesongen etter var tidsklemma meir på mi side. Sekkelsten junior valgte fast plass i skulekorpset framfor skiftande posisjonar på grusbana, og tida som manager var over.



Teksten på søndag handlar óg om eit laguttak. Og om det er diskusjonar kring Drillo sine disposisjonar på landslaget, blir det barnemat i høve til lagoppstillinga Jesus komponerar. Matteus er tollar. Ein korrupt svindlar som har solgt seg til okkupasjonsmakta. Opp mot denne landssvikaren kjem Simon Kananeos, også kjend som Seloten. Selotane er ei gruppe av militante nasjonalistar som gjerne brukte både vald og drap i kampen mot romarane. Brødrene Jakob og Johannes hadde eit heftig temperament, mens tvilaren Tomas gjekk heller stille i dørene. Om nokon meiner at like born leikar best, så kan dei ikkje ha henta inspirasjon herfrå.

Ein kabal går ikkje opp om ikkje alle dei ulike korta er med i stokken. Eit puslespill med berre like bitar kan umulig forestille noko som helst, og ein fotballkamp kan ikkje spelast før det er nokon å spele mot. På samme måte kan heller ikkje alle i Guds rike vere heilt like, og Gud vil heller ikkje at dei skal vere det. I 1. korinterbrev kap. 12 utdyper Paulus dette grundig og illustrerar det med korleis ein kropp fungerar: -Auget kan ikkje seia til handa: «Eg treng deg ikkje», eller hovudet til føtene: «Eg har ikkje bruk for dykk». Det er ingen reservebenk i Guds rike. Der må alle på banen om spelet skal bli som trenaren vil.


Opprinneleg skriven for avisa Firda og publisert der fredag 24. juni 2013