15 november 2013

Skaparverket tek ikkje helgefri

Lukas 13,10-17
Tekst for søndag 17. november 2013

Då eg studerte i Trondheim var det ein kiosk som gjekk under navnet “kirkens nødhjelp’. Det var fordi innehavaren var adventist. På søndag føremiddag var han ferdig med helga og opna luka si. Der kunne stressa forsamlingsvertar supplere kaffe, saft og småkaker til kyrkjekaffien. Også politi, helsepersonell og brannvakt må vere på jobb på søndagane, saman med andre som sørger for at hjula framleis går rundt når resten kjem på jobb igjen. Likevel er søndagsopne butikkar eit tema som vekker sterke kjensler. Ikkje berre mellom arbeidsgjevarar og arbeidstakarar, men óg hos dei som meiner at norsk lov framleis skal halde kviledagen heilag.

Farisárane og dei skriftlærde som kritiserte Jesus blir framstilte som mørkemenn. Men eigentleg var dei berre ei from vekkingsrørsle som ville at «skrift og vedkjenning» skulle avspeglast i samfunnet. Sildepresten Claus Frimann i Nordfjord (1746–1829) var óg ein mørkemann, sjølv for si tid. Men om det var teksten denne søndagen, der Jesus helbreder ei kvinne på sabbaten, han hadde i tankane då han sendte folk i båtane fordi en sildestim fylte vågen midt i preiketida, veit eg ikkje. Likevel var «Hvad Gud har sjenket oss, må vi ikke nøle med at høste» orda han skal ha brukt. Det er når vi går frå å rettleie oss sjølv og våre, til å bli kontrollerande vaktbikkjer som gløymer kva ‘reglane’ skulle vere godt for, at Jesus viser oss til rette.

Vi treng kviledagar. Det har vore gjort mange forsøk på å endre kalender og klokke for å få ei enklare tidsrekning. Men det har skaparordninga, óg kjend som biologi, så langt slått tilbake. Dei sju dagane i veka og tjuefire timane i døgnet stikk djupare enn nokon internasjonale konvensjonar. Vi treng lovar og reglar som regulerar arbeidstid og arbeidsoppgåver slik at ikkje berre dei som er i posisjon til å forhandle får den tida til ro og kvile som alle treng. Men Gud er ikkje byråkrat. Han kviler ikkje på laurbæra, og ber ikkje den som treng han om å sette seg på liste og komme att i kyrkjetida.

God helg og Guds signing!

Opphaveleg skrive for Firda og publisert der fredag 15. november 2013