01 februar 2014

Bønesvar er så mangt

Luk 2,22-40
Tekst for søndag 2. februar 2014
Regnet plaska ned i dagevis og elvane gjekk over breddene. Men den fromme mannen stolte på Gud, så han brydde seg ikkje om flaumvarselet. I staden takka han Gud for løftet om frelse frå alt vondt. Sjølv ikkje med vatn innover golvet oppetter veggane svikta tilliten til Gud. Etter å ha sendt bergningsfolk i båt avgarde, trakk han opp i andre høgda og fortsatte å be. Og vatnet steig. Endå eit redningslag blei avvist, sjølv om han no måtte opp på taket for å komme unna vatnet. Mens han satt der, kom dei med eit helikopter. Men mannen sende dei vekk, for Gud skulle berge han. Så han heldt fram med å be til huset braut saman og han drukna. Dermed kom han til himmelen og møtte St. Peter i porten. -Kvifor berga de ikkje livet mitt, klaga han. St. Peter såg på mannen, rista lett på hovudet  og sa: Var ikkje flaumvarsel, to båtar og eit helikopter nok?
Bønesvara du treng kjem heller ikkje fiks ferdige,
men veks fram gjennom tru og tillit

Forteljinga ovanfor er ei skrøne og ein karikatur. Men som i alle gode karikaturar er hovudlinene lette å kjenne att sjølv om særtrekka er overdrivne. Vi ønskjer oss bønesvar som passar våre planar og forventingar, og endar opp med å ha augene stivt retta mot himmelen mens Gud ryddar vegen framfor føtene våre. Der står vi og lurar på kvifor det ikkje skjer noko. Lenge gjekk eg og venta på det store Kallet, den himmelske visjonen med englar, basunar og heilag overtyding. Det kom aldri. Men eg lærte å ta små steg i tru og tillit, og sidan telle opp stadfestingane eller justere kursen.


Løftet om ein kommande frelsar går som ein raud tråd gjennom heile det gamle testamentet. Det gjorde at Israel holdt ut og holdt saman. Det var dette løftet forbedarane Simeon og Anna som vi møter i teksten, levde for å sjå bli oppfylt. Dei var heldigvis opne for Guds måte å gjere ting på. Så mens andre venta ein hærførar og ventar framleis, såg dei frelasaren komme i det nyfødde barnet til Josef og Maria. Bønesvara du treng kjem heller ikkje fiks ferdige, men veks fram gjennom tru og tillit. Så hvis du synes det er smått det Gud har gitt deg, så  fatt mot. Det er fordi han har tru på deg.


God helg, og Guds signing

Opphaveleg skriven for og publisert i Firda fredag 31. januar 2014