Tekstbetraktning for 11. søndag e. påske, tekstrekke I
Luk. 19,41-48 - www.bibelen.no
Kalenderen min går for seint. Den er framleis i førre århundre eller før det. Det er noko galt med kartet mitt òg. Somme seier eg er heilt på jordet, -feil jorde. Dette kjem oftast for ein dag i samtalar om moderne livsstil og trendar innan m.a. sex og samliv. Det er ikkje berre på desse områda eg får høyre det, men oftast er det her tidsriktige meiningsytarar har dei ømmaste tærne. Dei mest frilynde debattantane gir meg diagnosen «tilbakeståande mørkemann frå middelalderen». Toleranse gjeld nemleg ikkje oss mørkemenn.
Gammal visdom må vike for ny erkjenning. Det var slik på Jesu tid òg. Han var heller ikkje opplyst eller vidsynt nok til å ta det inn over seg. At gode jødar skulle betale tempelskatt, var rett og rimeleg, men det kunne dei sjølvsagt ikkje gjere med romerske pengar. Dei hadde jo keisaren sitt bilde på seg. Og kven var det som hadde tid til å ordne seg med sine eigne offerdyr, dueungar, oksar og lytefrie lam? Her låg sjansane vidopne for dei som hadde lese leksa si om marknadstilpassing og produktutvikling.
Men så kjem altså mørkemannen Jesus til torgs. Om du leitar etter prov på Guds vreide og heilag krig i kristen samanheng, så finn du det her. Den elles så omsynsfulle og kjærlege Jesus, han som er barnet i krybba ved juletider og som ikkje eingong fordømmer syndarar som er tekne på fersk gjerning, svingar plutseleg pisken og veltar bord. Her blir marknadstilpassinga sett til veggs så det synest. Dei det går ut over er velmeinande handelsmenn som berre sørgjer for varer og tenester som marknaden etterspør.
Kven trur han eigentleg at han er? Guds son eller noko, slik at han er betre enn oss og veit korleis ting skal vere? Jesus ønskte seg ikkje shopping i templet, men tru og bønn. Og han tek hardt i for å vise kor alvorleg det står til. Tru er ikkje noko ein berre steller med på søndag og elles når ikkje andre ting kjem i vegen. Trua er som lufta vi pustar i og maten vi set på bordet.
Vi veit mykje om forureining og årsakene til klimaendringane i dag. Kan hende har vi vel så viktige klimaspørsmål å ta oss av i oss sjølve før stormar og rasfare tek utviklinga med seg i avgrunnen der òg. Slike tankar gjer eg meg rundt teksten på søndag. Men eg er jo berre ein middelaldersk mørkemann som ikkje veit betre…
God helg og Guds signing.
Publisert i Firda 10. august 2007
10 august 2007
19 mai 2007
Joh. 15,15-16,4a - Facebook for evigheten
Tekstbetraktning for 6. søndag etter påske, tekstrekke I
Johannes 15,15-16,4a - www.bibelen.no
Hans Jakob Reite har eigen blogg på firda.no der han luftar sine friske synspunkt på dette og hitt. I debattforumet på same stad får han svar frå "Labbetuss" og andre, og svara er oftest minst like friske i tonen. Sånn blir det når ein har kjensle av å kjenne nokon godt, men veit at ein slepp å sjå vedkommande i auga på jobben måndag morgon. VG Nett har fått lesarane sine til å skape heile nettbyar der mange kan tilbringe dagar og netter i prat med vener og ukjende heller enn å treffe dei på kafè, trening eller i foreiningslivet. Men dette er berre småtteri mot sjefen sjølv, Facebook. Der kan du skape deg eit "rom" med nokre tastetrykk og møblere det med opplysingar om tru, tvil, tankar og handlingar i ord og bilde. Det er berre å krysse av, og nettverket finn fram til andre som trur, tvilar, tenkjer og meiner om lag det same som du. Så er det berre å be vedkommande om å bli ein ven, friend. Aksepterar han eller ho, kan alle dei andre venene dykkar sjå at de no er "friends". Så kan dei surfe seg fram frå den eine kjennskapskrinsen til den andre.
Men som alle andre menneskebygde herlegdommar rekk heller ikkje dette bygget heilt opp til himmelen. Som alltid når menneske er involverte finnst det skuggesider her òg. Side om side med entusiastiske artiklar om kor nyttig, bra, kjekt og lærerikt nettsamfunn kan vere, advarer dei same journalistane om farene som ligg og lurar. Falske identitetar, snoking i privatlivet og avslag på jobbsøknader er berre noke av det som kan ramme oss hvis vi trør feil. Har dei mest paranoide av kritikarane rett, sit CIA og andre etterretningsorgan og ventar på at vi skal avsløre oss sjølv som potensielle terroristar. Det manglar ikkje på advarsler verken frå datatilsynet, mediekommentatorar og karriereplanleggarar. Og det kan jo vere noko i det. For eit saftig rykte lever lengre på nettet enn på folkemunne, og eit uskuldig bilde frå eit litt dristig augneblink i russetida kan slå frykteleg tilbake rett før sølvbryllaupet skal feirast. Digitale bilde falmar ikkje.
Bordet fangar heiter det i kortspel, og Jesus er like klar på disse sidene av tilveret når han snakkar om framtida med disiplane sine. Det er som når etterforskarane på TV slår kloa i forbrytaren de har jakta på: «Alt du seier, kan og vil bli brukt mot deg.» Verda er ein nådelaus stad sjølv for dei snillaste og heiderlegaste av oss. Han fortel sine vener at å stå som "friend" på Jesus sin profil på Facebook vil gjere at du ikkje berre deler vener, men òg uvener med ham. Vi skal få den same hjelpa som han fekk når verda gjekk han i mot, den same støtta frå vår Far i himmelen og den same krafta til å stå faste i trua. Men vi må òg rekne med same mål av svik, vrangvilje og korsfesting frå folk som til liks med farisearane og dei skriftlærde trur dei gjer Gud og menneske ei teneste når dei stemplar oss som intolerante mørkemenn og spør om vi ikkje veit at vi lever i 2007. -Takk, Jesus! No skjønar eg betre korleis ting heng saman. Du visste det heile tida og gjorde det umoglege mogleg for oss.
God helg og Guds signing!
Publisert i Firda 18. mai 2007.
Bloggaren er ikkje ansvarleg for innhaldet på eksterne sider

04 mars 2007
1. Mos. 32,24-30 - Livet er ikkje for pysar
Tekstbetraktning for 3. søndag i faste, tekstrekke I
1. Mos. 32,24-30 - www.bibelen.no
Det er ikke alle som kjem like lett til det her i verda. Jakob var av dei som fekk oppleve dette. Heilt frå fødselen hadde han hatt hendene fulle med å halde seg oppe og framme. Han var etterkommar av dei namngjetne stamfedrane, son av Isak og barnebarn av Abraham. Men han var tvilling og broren Esau lurte ei hand ut i friluft først sjølv om han kom til verda etter Jakob. Og akkurat dette fekk Jakob betale for heile tida. Broren var odelsgut og farens yndling. Det som var att måtte Jakob slåss for.
For Jakob hadde ei anna innstilling enn den vi nordmenn oftast tenkjer på som fromheit. Jakob var ikkje den som sto med lua i handa, dukka nakken og trekte seg unna. Om han vendte det andre kinnet til ved eit høve, tydde det ikkje at han ville vike unna i neste samastøyt. Han kjempa for sin rett, han nytta dei høva han fekk og sjølv Gud måtte ty til noko ekstra får å få denne karen til å bøye kne. Og sjølv med hofta or ledd kravde han ei velsigning og fekk det. Han stridde mot både Gud og menneske, og vant. Han vart Israel, eit namn som ga eit land og eit heilt folk identitet og samhald som held seg den dag i dag.
Det står ingen stader i Bibelen at du skal la deg bli hersa med. Ingen bodord seier at du aldri skal ta til motmæle når verda går deg imot. Sjølv Gud sett pris på han eller ho som sett spørsmål ved tilvera og ikkje gjev opp før dei har fått eit truverdig svar. Men der tvilen blir ein livsstil som ikkje kjenner sin eigen plass, har det gått for langt. Tvilen må òg må ha eit grunnlag å stå på, for tvil er eit middel til forståing, ikkje eit mål i seg sjølv. Det finnst ei tyngdekraft for slike ting som tru, tankar og kjensler òg. Dei kan ikkje henge i lause lufta meir enn kroppen din kan. Både kropp og sjel treng til sjuande og sist fast grunn under føtene.
Kjemp for det du har kjært. Heile livsvegen er teikna av valg og avgjerder du må ta. Oppvekst, utdanning, familie, arbeid og bustad. Du treng heile tida å vite kva du trur på og kva eller kven du strir med, men du må òg vite kva du strir for. Ikkje slepp taket før du har fått ei velsigning. Eit ord, ein retning og ein ny bit av puslespelet livet blir lagt i hop av. Gud veit å gje deg motstand, men ikkje meir enn du taklar for vinne ny kunnskap om han, deg sjølv og verda omkring deg. Og med større kunnskap er vegen brulagt og klar for nye steg framover. «Så om er Gud for deg, kven kan då vere mot deg?»

Publisert i Firda 2. mars 2007 © Jan Roar Sekkelsten
Abonner på:
Innlegg (Atom)