07 oktober 2012

Gud likar kritiske spørsmål

Betraktning over Joh. 7,14-17,
søndag 7. oktober 2012, 19. søndag i treeiningheitstida

Eg er så heldig å ha musikalske vener. Dei kan til og med meir enn å lese noter. Ved eit høve sette ein av dei seg ved pianoet, og vi andre gjekk laus på eit rikhaldig utval noter med klassisk musikk. Men same kva vi fann fram, spelte han det feilfritt rett av bladet utan betenkningstid. Det gjekk nesten ein halv time før vi klarte å «knekkje han». Då låg det haugevis med noter på golvet rundt pianokrakken. Nokon er berre slik. Dei har det i seg, og han tok seg ikkje nær av at vi forsøkte å sette han fast. Han visste kva han var god for, og vi hadde mykje moro av det alle saman.

Andre tek ikkje så lett på utfordringar. Dei toler ikkje at nokon sår tvil om deira makt eller motiv. Verdshistoria er full av despotar som sende folk i døden på rein mistanke om at dei ikkje synte den naudsynte respekt og underkasting. Ingen må sette spørreteikn ved avgjerder eller meiningar. Dei krev at alle lyder det minste vink og gjer som dei får beskjed om utan innvendingar. For her kjem ikkje tvilen den tiltalte til gode. -Staten, det er eg, sa Ludwig den 14. av Frankrike. Om eit menneskje eller politisk system opphøyar seg sjølv til gud, må det gå galt. Det er berre å sjå korleis det gjekk med Sovjetunionen og austblokka. Oppstanden i fleire arabiske land dei siste åra er eit anna eksempel. Eit slikt sjølvbilete ender alltid i tragedie.

For sanninga er lettare å leve med. Då treng du ikkje tenkje på kva du skal si. Jesus visste allereie tidleg kven han var, og kva oppgåva hans var. Likevel tålte han at folk stilte spørsmål ved det han lærte og det han gjorde. Han var trygg på det han hadde å kome med. Difor kunne han møte motstand og skepsis med ro og opne armar, vel vitande at bodskapen og gjerningane hans ville tåle å bli sett under lupa. På same måte likar Gud at vi tek han på alvor, og inviterar oss til å gå han etter i saumane. Men det krev at vi óg er opne for han. -Smak og sjå at Herren er god! (Salme 34,9)

God helg, og Guds signing

Opprinneleg skriven for avisa Firda og publisert der fredag 5. oktober 2012

10 august 2012

Gud rir ikkje paragrafar


Til ettertanke, søndag 12. august 2012 - Markus 2, 23-27

Eg held meg med store hundar, og når ein har slike i hus må reglane vere klare og lærast inn tidleg. Det dei ikkje skal få lov til når dei blir store og tunge, kan dei heller ikkje få lov til når dei er søte og små. For det ein hund ein gong har lært seg til, skal det utruleg mykje til å endre. Min fyrste hund likte å få beskjed. Han var både stor og sterk, men inne i seg var han ein usikker stakkar. Difor var han aldri så lukkeleg som når vi trente lydigheit eller han blei spent foran vogna si. Då visste han kva som skulle skje og at eg ville gje ordre han kunne utføre. Og han gjorde det til punkt og prikke. Flinke bisken.

No rett føre skulestart kan vi sjå grelle eksempel på liknande åtferd, men no gjeld det ikkje hundar og husleg åtferd. No gjeld det skuleplassar, søknadsprosessar og rutinar. I avisane les vi om ungdommar som står utan skuleplass fordi vitnemål og attestar blei sendt inn på feil måte eller på feil tid. Kontoristane kan berre beklage og peike på at reglane er klare. Dei har ikkje høve til å la nåde gå for rett sjølv om det berre står om småting. Finnst det ikkje heimel for unntak, kjem ein ingen veg. Korleis ville det bli om ein gjekk utanom retningslinene? Det skulle tatt seg ut.

I tidlegare tider var helgefreden omfattande. Nåde den som lot klesvasken henge ute eller som stelte i hagen i kyrkjetida. Religiøse lover kan synest meir kompromisslause enn andre fordi lovgivaren befinn seg på eit anna og utilnærmeleg plan. Kven kan krangle med Gud, liksom? Det er her farisearane som går laus på Jesus sit fast. Dei er så redde for å gjere feil, at det dei gjer blir endå verre. Gud veit at livet ikkje alltid passer klokka, og han er stor nok til å sjå mellom fingrane med eit menneske som er kome i utakt. For bak lovane har han ein hensikt som er viktigare enn lovteksten; Kjærleik. Det er denne han ønskjer å vise oss. Då blir det óg lettare sjå nytta vi har av lovane.

God helg og Guds signing.

Skriven for og publisert i Firda fredag 10. august 2012, 25. mai 2012

25 mai 2012

Tre ting på ein gong?

Til ettertankt, 1. pinsedag 2012
Johannes 14,15-21

De fleste born eg kjenner likar Kinderegg. Ja, ikkje berre born. Eg tilbyr meg gjerne å ta sjokoladeskallet hvis dei yngre er meir opptekne av overraskinga og leiketøyet. Reklamen for dette skulle vere godt kjent frå TV; -Tre ting på en gang? Men det går jo ikke an. Men i følgje produsenten er det mogleg. Gud; Skaparen, frelsaren og heilag ande er óg tre ting, men likevel eitt og det same. Tenk deg is, vatn og damp. Dei er heilt ulik form, ulike eigenskapar og forskjellig bruk, men det er likevel det same stoffet; H₂O, - vatn.
Gud fader, Skaparen av himmel og jord, er handfast nok, som is er vatn du kan stå på. Det gamle testamentet talar om ein handverkar som sett saman universet, kloden, hav, land, buskar, trær, dyr og menneske. Han er grunnlaget verda er blitt til ved, og går saman med Adam og Eva for å lære dei å tilveret å kjenne. Men etter avtalebrotet ved treet til kunnskap om godt og vondt blir denne læringskurva svært bratt. Etter det måtte vi forhalde oss til Skaparen på avstand, utan fast grunn under føtene.
Så kom Jesus, Guds son, og det guddommelege greip igjen direkte inn i verda. Ved å døy på korset, tok han skulda for brotet på seg og ga oss forsoning. Etter at han sto opp frå dei døde og fór opp til himmelen, fløymde bodskapen om han i strie straumar vidare gjennom skrive- og taleføre vitne. Kjærleiken til Frelsaren fossa fram som ei elv med mange forgreiningar gjennom tidar, stader og kulturar, og vatnar framleis nye åkrar. Guds rike veks så det knakar.
Pinsehøgtida markerer tredje og siste trinnet som sender oss nærare himmelen og Gud. Den heilage anden, som kan la deg tale om Gud på språk du ikkje kan og skape felleskap der ingen kjenner kvarandre, er vanskelegare å gripe. Han er ikkje handfast, men slik er Gud uavhengig av tid og rom. Som luft og damp kjem han til over alt der nokon opnar sitt sinn og tankar og søkjer han, på alle plassar og til alle tider. Han kan ikkje haldast inne eller stengast ute. I bøn til Gud er vi alle pinsevener.
God helg, og Guds signing.


Skriven for og publisert i Firda fredag før pinse, 25. mai 2012