Til ettertanke, 6. søndag e. påske 28. april 2013
Preiketekst: Johannes 17,6–11
Alle ønsker seg eit godt ettermæle. Det er ikkje lett, for ikkje noko held seg så lenge som eit dårleg rykte. Er du riktig uheldig, går det ikkje berre ut over deg sjølv, men óg dei du er glade i, arbeidsplassen eller til og med heimstaden din. Vi blir gåande som ein slags ambassadørar for alt vi engasjerer oss i. Eit namn er altså ikkje berre ein merkelapp for å kunne skilje Per frå Ola når vi snakkar om dei. Det er alt du veit og kjenner til om nokon. Eit ansikt, eit namn og eit omdøme som omverda plukkar opp og legg seg på minne, på godt og vondt.
Etter det forferdelege bombeåtaket mot løparar og tilskodarer i Boston fekk ein ambassadør det frykteleg travelt. På Facebook og Twitter forveksla den jamne amerikanaren Tsjetsjenia som dei mistenkte gjerningsmennene kom frå, med Tsjekkia. Difor måtte den tjekkiske ambassadøren rykke ut i media for å oppklare den uheldige samanblandinga. Som ambassadør var jobben hans å vere eit ansikt og eit namn for heimlandet, og rykke ut mot øydeleggjande misforståingar. Samstundes skal han hjelpe leiinga i heimlandet å forstå viktige hendingar i landet han er utsendt til. Ambassadørar har ansvar i to retningar.
Preiketeksten på søndag er ein del av avskjedstalen Jesus held til disiplane. Her oppsumerar han kva oppdrag han har hatt og korleis han har søkt å løyse det. Han har gitt Gud eit ansikt, -openberra hans namn, og vist oss ein sann Gud i levande live slik ein god ambassadør skal gjere. Men han stoppar ikkje der. Han går lenger og forpliktar seg andre vegen óg. Etter at han sto oppfrå dei døde vende ambassadøren heim, og har gitt oss menneske eit ansikt og eit namn i Himmelen. Gud veit korleis det er å vere menneske. Vi er kjent, og elska!
God helg, og Guds signing!
Opprinneleg skriven for avisa Firda og publisert der fredag 26. april 2013
26 april 2013
Kjent og elska
Etiketter:
ambassadør,
bønn,
Johannes,
åpenbaring
10 februar 2013
-Sjå, vi går opp til Jerusalem …
Til ettertanke, fastelavnssøndag 10. februar 2013
Prekentekst: Lukas 18,31–34
Før eller sidan kjem du til eit punkt i livet der du må velgje, -utan angreknapp eller panteordning. Slike val ber i seg at bruer blir brende, og alternativa du hadde er borte for alltid. Då er det naturleg at eit snev av angs kjem krypande. Kva tenkjer skihopparen når han sit aleine att på toppen av Vikersundbakken? Han kan vinne heider og ære, men han kan óg bli tatt av eit vindkast og sendt kast i kast nedover eit uendeleg langt unnarenn. Slike augneblinkar er skjebnesvangre. Skihopparen veit kva han går til. Han stolar på kunnskap og trening, og slepp seg utfor. Men så er det ting du ikkje kan trene på. Plutseleg sit du i saksa og må ta dei utfordringane.
Det er gått over tjue år sidan kona mi fyrste gongen fortalde meg at ho var gravid. Eg blei kjempeglad, men samstundes sat det ein liten demon på skuldra mi. Han stramma taumane og kviskra meg i øyret at no er løpet verkeleg køyrd. Eg fryda meg på lett skjelvande kne og med eit sug i magen. Men det var ingen veg tilbake og vi måtte ta det som kom med takk og bøn. Sjølvsagt gjekk det seg til og eg såg fram til å bli pappa, men fram mot ultralydundersøkinga var den vesle demonen ofte framme og terga meg; -Du skal sjå at det er tvillingar der. Det maktar du aldri! Vi visste lite kva vi gjekk til, men er komne gjennom det. Og no har skuggen på ultralydbildet blitt vaksen og har flytta heimafrå.
Det er gått over tjue år sidan kona mi fyrste gongen fortalde meg at ho var gravid. Eg blei kjempeglad, men samstundes sat det ein liten demon på skuldra mi. Han stramma taumane og kviskra meg i øyret at no er løpet verkeleg køyrd. Eg fryda meg på lett skjelvande kne og med eit sug i magen. Men det var ingen veg tilbake og vi måtte ta det som kom med takk og bøn. Sjølvsagt gjekk det seg til og eg såg fram til å bli pappa, men fram mot ultralydundersøkinga var den vesle demonen ofte framme og terga meg; -Du skal sjå at det er tvillingar der. Det maktar du aldri! Vi visste lite kva vi gjekk til, men er komne gjennom det. Og no har skuggen på ultralydbildet blitt vaksen og har flytta heimafrå.
-Eg fryda meg på lett skjelvande kne og med eit sug i magen.
Fastetida er lite påakta samanlikna med jula og påske. Stort sett er vi ferdige med den når karnevalet er slutt og bollane med krem og syltetøy er oppetne. Kva kjensler Jesus hadde då han tok læresveinane med seg til Jerusalem for siste gong seier bibelteksten vår ingen ting om. Men det er tydeleg at han veit kva som skal skje og kvifor. Orda er ekko av sentrale messiasprofetiar i Det gamle testamentet. Læresveinane tok likevel ikkje hintet og var hjelpelaust uvitande både før og etter at orda falt. -Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus for ugudelege då tida var inne. (Rom. 5,6) Jesus er altså på veg mot krossen for vår skuld. La oss følgje han til Livet.
God helg, og Guds signing
Opprinneleg skriven for avisa Firda og publisert der fredag 8. februar 2013
26 oktober 2012
I troen på en nådig Gud
Da søsteren min sto og tok imot gratulasjoner for sin vitenskapelige doktorgrad, var det en som gikk langt i å antyde at nå lå vel veien åpen for de store nyvinningene og en strålende karriere. -Nei, svarte hun. -Nå har jeg arbeidet i dette miljøet så lenge at det er nesten umulig å oppdage det som kan forstås på en annen måte. Skal du bryte ny mark, må det starte før du er blitt 30.
Mange rister på hodet over ungdommens uvitenhet og mangel på respekt for uskrevne regler. Men der ligger ungdommens fordel og styrke. Vi etablerte og inngrodde må gi dem friheten til å prøve og feile. Etterpåklokskap er den eneste eksakte viteskap. Men tar vi den på forskudd, tramper vi ned mange nye spirer. Alt er jo i forandring, så Gud tilgir og forstår når han ser at noen iallefall forsøker å gå nye veier. Skulle vi være dårligere?
Opprinnelig skrevet for Bibelleseringen i Norge og publisert i bibelleseplanen Logos uke 43 - 2012
Etiketter:
bibelleseringen,
Forkynneren,
Logos,
nye veier,
tro
Abonner på:
Innlegg (Atom)