Tekstbetraktning over Salme 73,23-28, 19. søndag e. pinse, 23. oktober 2011
- Du har gripe mi høgre hand.
Ein ettermiddag på våren 1978 satt eg i eit siderom i Stathelle kapell saman med resten av klassen min. Vi var konfirmantar, og som gutar flest satt eg på bakerste benk og fulgte berre nesten med på kva sokneprest Sverre Næsheim heldt på med. Han hadde lest nokre vers og snakka om dei tre trinna i frelsa. Eg anar ikkje kva streng i sjela orda hans traff, men eg vakna brått uten å ha fått med meg kva han hadde sagt. Etterpå måtte eg difor somle litt medan dei andre fór ut, og fekk spurt kva bibelvers det gjaldt. Av ein eller annen grunn noterte eg det i læreboka mi. Etter konfirmasjonen gjekk det i gløymeboka óg. Men fyrste trinnet var tatt.
- Du leier meg ved ditt råd.
I påska 1982 var eg på påskeleir på Rjukan saman med andre baptistungdommar frå Porsgrunn og Skien. Eg tenkte eg skulle bidra med noko under ei kveldssamling, men då måtte eg finne andre bibelvers enn dei eg brukte då eg vart døypt i baptistkyrkja tre månader tidlegare. Det hadde jo alle kameratane mine høyrt. Då dukka orda frå konfimasjonstimen fire år tidlegare fram att, og eg fekk hjelp av leiarane til å finne dei i Bibelen. Endå to år seinare blei orda frå søndagens tekst avgjerande då eg under mykje tvil sette foten på andre trinnet. Då bytta eg ut ingeniørstudier med pastorutdanning og heiltidsteneste i kristen samanheng.
- Sidan tar du meg opp i herlegdom
Det siste trinnet i frelsa er heilt og fullt Guds ansvar. Om han rekk ut ei hand kan eg la vere å ta den. Om han gir meg gode råd, kan eg hevde at eg veit betre. Men vil eg oppleve herlegdommen, er det berre Gud eg kan håpe på. Han har lova å ta meg dit, men eg kan godt vente litt med det. For framleis har eg ting å utrette og hendingar eg vil oppleve. Alt har ikkje gått på skinner sidan eg tok imot Jesus og lot Guds ord vere motivasjon og rettleiing i livet. Skjær i sjøen vil det alltid vere, men med ein god los kjem du trygt i havn. - For kven har eg elles i himmelen?
God helg og Guds signing.
Opprinneleg skrive for Firda og publisert der fredag 21.10.2011
Viser innlegg med etiketten konfirmasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten konfirmasjon. Vis alle innlegg
21 oktober 2011
Eg blir alltid verande hos deg
Etiketter:
Firda,
frelse,
håp,
konfirmasjon,
Salmene,
vitnesbyrd
07 mai 2010
Allemannseige
I desse konfirmasjonstider vender tankane ofte tilbake til min eigen konfirmasjon i 1978. Eg kjenner lite til korleis undervisninga i Den norske kyrkja er lagt opp i dag, men for meg verka den gongen tru og kyrkjesaker ganske kjedelege. Likevel var det der eg for første gongen opplevde at Gud ville ha merksemda mi. I ein time nemnde sokneprest Sverre Nesheim i Bamble eit skriftord som fekk meg til å vakne frå slumringa på bakerste benk. Eg måtte somle litt etter timen slik at dei andre i klassen ikkje skulle sjå at eg ba han ta det opp att for meg. Om det ikkje blei noko gjennombrot av det då, blei tydelegvis ei lita glo liggande til seinare.
Det andre eg minnest frå konfirmasjonen var at Bibelen kom ut i ny oversetting dette året. Å kunne Fadervår var eit pliktnummer, men den forma vi hadde pugga på skulen var no brått gått ut på dato. «Helliget vorde Ditt navn» skulle ut og «La ditt navn holdes hellig» skulle inn. Vi måtte lære dette heilt på nytt utan at vi syntest det blei så mykje lettare å fatte. Forventinga om at ein skulle kunne dette på rams var ein arv frå den gongen overhøyringa var eit tredjegrads forhøyr med heile bygda til stades. For ein stakkars konfirmant kunne desse orda frå Jesus vere redningsplanken. Om han eller ho ikkje hadde fått med seg så mykje anna, kunne dei i alle fall sitt Fadervår.
Å kunne Fadervår var eit pliktnummer, men den forma vi hadde pugga på skulen var no brått gått ut på dato.
For Herrens bøn er eit felles eige for alle kristne, frå dei ortodokse kyrkjene via katolikkar, protestantar og inn i meir moderne avgreiningar. Om språk, teologi, historie og liturgi skiljer oss har vi denne bøna å samlast i. Som alle språk har óg bønespråket sine dialektar, men dei enkle setningane som Jesus lærde disiplane er sjølve kjernen i kva bøn går ut på. Det er ein fortruleg samtale der den som ber set seg på fanget til Gud Fader og fortel kva han har på hjartet. Det er ikkje noko trylleformular som ordnar mirakel av seg sjølv. Men det er greie knaggar å henge ord og tankar på i stunder der våre eigne ord ikkje strekk til og tankane ikkje heng saman. Ta dei og bruk dei. Det er allemannseige.
God helg og Guds signing.
Skrevet for Firda og publisert der 07.05.2010
Etiketter:
bønn,
fadervår,
konfirmasjon
Abonner på:
Innlegg (Atom)