11 november 2005

Luk 17,20-30 - Svovelpredikant?

Andakt for 26. søndag e. pinse, tekstrekke I
Luk 17,20-30 - www.bibelen.no

Eg starta på pastorskulen etter å ha hoppa av frå kjemilinja på den tekniske høgskulen i Trondheim. På opningsfesten blei eg spurd om kva ein slik bakgrunn kunne gje meg i møte med framtid som forkynnar og forsamlingsleiar. "Tja", ramla det ut av meg. "Eg kan kanskje bli svovelpredikant?" Sjølv likar eg å tru at det ikkje har slått til i nemneverdig grad.

Det er ikkje mange att av dei gamle svovelpreikene no for tida. Kanskje skal vi vere glade for det at denne forma for forkynning er gått ut på dato, for ikkje alt var like veloverveid. I mange høve var heller ikkje det teologiske gangsynet spesielt lett å få auge på. Sjelesorga fekk vike for trongen til å fortelje kor skapet skulle stå. Visst er det lett å bruke storslegga når andre verkemiddel ikkje gir tilstrekkjeleg gjennomslag. Men spesielt lurt er det ikkje. Det blir som å gje toppkarakter til første utøvar i ein konkurranse. Du har lite att å gå på til det som kjem seinare.

Likevel er det altså Jesus sjølv som tyr til eld og svovel i dagens tekst på søndag. Det er meisteren sine eigne ord om slutten på verda slik vi kjenner ho som ga dei gamle svovelpredikantane vann på mølla. Det er berre det at eld og svovel ikkje er poenget i det han seier, ikkje meir enn at ein ny syndeflod nokon gong vil bli aktuelt. Regnbogen vil minne Gud på det han lova Noah etter flommen, om det skulle bli så ille at Han gløymde seg.
Mange reknestykkje har blitt presentert for kor lenge verda skal stå. Eitt etter eitt har dei slått feil. Jesus kom ikkje attende den dagen eller det året. No har dei som driv med slikt gått over til å meine at eigentleg har han kome, men han ventar litt med å syne seg. Det gir litt meir spelerom.

Men når det verkeleg skjer, treng du ingen djup andeleg innsikt eller rådgjevarar med spesielle evner, seier Jesus. Like lite som du treng en meterolog til å fortelje deg at det regner, bles eller tordnar. Jula kjem alltid brått på kjerringa skal vi tru ordtaket, sjølv om ho er tidfesta i kalenderen. Tida for at Jesus kjem att veit ingen, og ingen skal vite det. Alt vil vere som vanleg til det brått ikkje er det lenger. Du treng ikkje reise, lese eller møte opp. Det kan vere vanskeleg å forestille seg at det blir sol etter det regnveret vi har hatt siste veka, men vi veit innerst inne at ho finnst der bak skyene ein stad. Det kan vere vanskeleg å få auge på ein god Gud bak jordskjelv, opprør og korrupsjonsskandalar. Men Han er der, og ein dag vil Han bryte gjennom og fri oss frå elendigheita.

God helg og Guds signing.