13 mai 2006

Joh. 15,10-17 - Berre allminneleg folkeskikk

Andakt for fjerde søndag etter påske, tekstrekke II
Joh 15,10-17 - www.bibelen.no

I desse brannfarlege tideneeit knusktørt Vestland trår mannskap frå brannvern, sivilforsvar, heimevern og andre til for å redde liv og verdiar når skog- og lyngbrannar raser. Dei risikerer eige liv og helse utan å tenkje på kor mykje eller lite dei likar skogeigaren eller om dei berre skal late huset til ein kranglete nabo bli tatt av flammane. På ein leir eg var med på for mange år sidan samla vi kvar morgan speidarane i små grupper der dei skulle snakke saman om deler av Speidarlova knytt opp til tekster frå Bibelen. Søndagens tekst frå Johannes evangelium var knytt til «Ein speidar er hjelpsam og viser omsyn.». I gruppa mi hadde eg to gutar som slett ikkje trivdes i lag. Det var ei utfordring for meg som leiar å handskas med desse to som snudde ryggen til kvarandre hvis dei ikkje hadde noko å slåst om. Men innerst inn budde noko anna. «Om den tosken der skulle ramle i vannet og helde på å drukne er det klart at eg ville prøve å redde han sjølv om eg ikkje likar trynet på han» sa plutseleg den ein mens den andre nikka stilt. Dei hadde forstått det.

Ingen av oss er villige til å avskrive det når Jesus ber oss om å elske kvarandre. Det er djupt grunnfesta i oss gjennom århundrer med forkynning i kyrkja og heime. Ja, faktisk før den tid òg. Sjølv i den hardbalne og heidenske vikingtida var truskap og venskap heidra som dyder. Om uvenskapet stakk aldri så djupt blei ei hand strekt ut om livet sto på spill. Heile den norske kulturhistoria, både før og etter kristning og reformasjon, er prega av dette; Vi skal tar vare på kvarandre, hjelpe kvarandre og ikkje stikke kjepper i hjula for kvarandre. Folkeskikk kallar vi det til dagleg og det gir seg mellom anna utslag i noko så særnorsk som organisert dugnadsarbeid.

Det kan lett dra seg eit gravalvor inn over oss når det blir snakk om elske kvarandre. I alle fall når Jesus blander seg opp i det. Det skal liksom vere noko guddommeleg altoppslukande og fullstendig sjølvutslettande. Det blir absolutt og heilt utan utvegar; At vi skal elske alle like høgt og like inderleg som dei næraste heile tida. Eg trur ikkje det er meininga. Vi menneske er skapte med eit så stort mangfald at alle ikkje kan gå like godt saman til ei kvar tid og på kvar plass. Sjølv Jesus ga uttrykk for at det var somme han ikkje heilt klarte å spele på lag med. Men til sjuande og sist døyde han og sto opp at for dei òg. Så om du klarar å halde følgje med speidarguten så er det verste gjort. Då har du kjærleiken i deg som overvinn mistru og svik. Det er Guds bod gjennom Jesus, og du kan løfte hovudet med godt samvit.

God helg og Guds signing!
Publisert i Firda 12. mai 2006 © Jan Roar Sekkelsten