21 oktober 2011

Eg blir alltid verande hos deg

Tekstbetraktning over Salme 73,23-28, 19. søndag e. pinse, 23. oktober 2011

- Du har gripe mi høgre hand.
Ein ettermiddag på våren 1978 satt eg i eit siderom i Stathelle kapell saman med resten av klassen min. Vi var konfirmantar, og som gutar flest satt eg på bakerste benk og fulgte berre nesten med på kva sokneprest Sverre Næsheim heldt på med. Han hadde lest nokre vers og snakka om dei tre trinna i frelsa. Eg anar ikkje kva streng i sjela orda hans traff, men eg vakna brått uten å ha fått med meg kva han hadde sagt. Etterpå måtte eg difor somle litt medan dei andre fór ut, og fekk spurt kva bibelvers det gjaldt. Av ein eller annen grunn noterte eg det i læreboka mi. Etter konfirmasjonen gjekk det i gløymeboka óg. Men fyrste trinnet var tatt.

- Du leier meg ved ditt råd.
I påska 1982 var eg på påskeleir på Rjukan saman med andre baptistungdommar frå Porsgrunn og Skien. Eg tenkte eg skulle bidra med noko under ei kveldssamling, men då måtte eg finne andre bibelvers enn dei eg brukte då eg vart døypt i baptistkyrkja tre månader tidlegare. Det hadde jo alle kameratane mine høyrt. Då dukka orda frå konfimasjonstimen fire år tidlegare fram att, og eg fekk hjelp av leiarane til å finne dei i Bibelen. Endå to år seinare blei orda frå søndagens tekst avgjerande då eg under mykje tvil sette foten på andre trinnet. Då bytta eg ut ingeniørstudier med pastorutdanning og heiltidsteneste i kristen samanheng.

- Sidan tar du meg opp i herlegdom
Det siste trinnet i frelsa er heilt og fullt Guds ansvar. Om han rekk ut ei hand kan eg la vere å ta den. Om han gir meg gode råd, kan eg hevde at eg veit betre. Men vil eg oppleve herlegdommen, er det berre Gud eg kan håpe på. Han har lova å ta meg dit, men eg kan godt vente litt med det. For framleis har eg ting å utrette og hendingar eg vil oppleve. Alt har ikkje gått på skinner sidan eg tok imot Jesus og lot Guds ord vere motivasjon og rettleiing i livet. Skjær i sjøen vil det alltid vere, men med ein god los kjem du trygt i havn. - For kven har eg elles i himmelen?

God helg og Guds signing.

Opprinneleg skrive for Firda og publisert der fredag 21.10.2011