31 oktober 2008

Kor skal dette ende?

Tekst for søndag 2. november 2008: Joh. Op. 21,1-7 - www.bibel.no

Hausten er tid for refleksjon. Veret på Vestlandet innbyr helst ikkje til å opphalde seg utandørs meir enn naudsynt, så med utsikt rett inn i regnskodda gjer eg opp status. Ei oppteljing syner at livet har stelt bra med meg trass alt. Eg har hus, bil, båt, kjekk kone og ungar som gjer det bra på skulen. Men eg har nok budd for lenge i Sunnfjord, for eg lar meg ikkje rive med sjølv om livet smilar til meg frå øyre til øyre. Det blir det nesten for mykje av det gode. Kor skal dette ende?

Men frå radio, TV og aviser kjem andre signal. Der er det drap, finanskrise og amerikansk valkamp. -Sparepengane dine er sikre, erklærer Jens og Kristin mens konkurstruga finansfyrstar får krisehjelp. Var det nokon som sa sikkert som banken? På andre frontar er det like eins. -Vi skulle gjerne laga gul stripe på heile E-39, men ressursane strekk ikkje til. Det er heller ikkje vanskeleg å fjerne pasientkøar og ventetid, men det er ikkje midlar på budsjettet. Før dreidde det seg om å skaffe folk og ha pengar å løne dei med. No er det berre snakk ressursar og midlar. Kor skal dette ende, om vi misser menneska og kva dei eigentleg treng av syne?

For mykje eller for lite skjemmer alt, heiter det. Mange ser berre dommedag og skremsel i Johannes openberring, men bak alt vanstell, undertrykking og terror vi kan oppleve ser Johannes eit håp. Gud som ein gong skapte oss i Edens hage, vil ein dag skape alt på nytt, og då skal vi ikkje ein gong minnast det vonde. For ei menneskeslekt som ikkje kjenner noko anna enn strevet med å skaffe seg utkomme, kan dette vere for stort til å ta inn over seg. Kristen tru kjend for så mykje, men det Jesus gav oss var håp om ein ny himmel og ei ny jord.

- Men vi har denne skatten i leirkrukker, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje koma frå oss. Alltid er vi utsette, men ikkje kringsette, rådville, men ikkje rådlause, forfølgde, men ikkje forlatne, nedslegne, men ikkje ihelslegne. 2. Kor 4,7-9

God helg og Guds signing.

Publisert i firda.no, fredag 31. oktober 2008