10 februar 2013

-Sjå, vi går opp til Jerusalem …


Til ettertanke, fastelavnssøndag 10. februar 2013
Prekentekst: Lukas 18,31–34

Før eller sidan kjem du til eit punkt i livet der du må velgje, -utan angreknapp eller panteordning. Slike val ber i seg at bruer blir brende, og alternativa du hadde er borte for alltid. Då er det naturleg at eit snev av angs kjem krypande. Kva tenkjer skihopparen når han sit aleine att på toppen av Vikersundbakken? Han kan vinne heider og ære, men han kan óg bli tatt av eit vindkast og sendt kast i kast nedover eit uendeleg langt unnarenn. Slike augneblinkar er skjebnesvangre. Skihopparen veit kva han går til. Han stolar på kunnskap og trening, og slepp seg utfor. Men så er det ting du ikkje kan trene på. Plutseleg sit du i saksa og må ta dei utfordringane.

Det er gått over tjue år sidan kona mi fyrste gongen fortalde meg at ho var gravid. Eg blei kjempeglad, men samstundes sat det ein liten demon på skuldra mi. Han stramma taumane og kviskra meg i øyret at no er løpet verkeleg køyrd. Eg fryda meg på lett skjelvande kne og med eit sug i magen. Men det var ingen veg tilbake og vi måtte ta det som kom med takk og bøn. Sjølvsagt gjekk det seg til og eg såg fram til å bli pappa, men fram mot ultralydundersøkinga var den vesle demonen ofte framme og terga meg; -Du skal sjå at det er tvillingar der. Det maktar du aldri! Vi visste lite kva vi gjekk til, men er komne gjennom det. Og no har skuggen på ultralydbildet blitt vaksen og har flytta heimafrå.
-Eg fryda meg på lett skjelvande kne og med eit sug i magen.
Fastetida er lite påakta samanlikna med jula og påske. Stort sett er vi ferdige med den når karnevalet er slutt og bollane med krem og syltetøy er oppetne. Kva kjensler Jesus hadde då han tok læresveinane med seg til Jerusalem for siste gong seier bibelteksten vår ingen ting om. Men det er tydeleg at han veit kva som skal skje og kvifor. Orda er ekko av sentrale messiasprofetiar i Det gamle testamentet. Læresveinane tok likevel ikkje hintet og var hjelpelaust uvitande både før og etter at orda falt. -Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus for ugudelege då tida var inne. (Rom. 5,6) Jesus er altså på veg mot krossen for vår skuld. La oss følgje han til Livet.

God helg, og Guds signing

Opprinneleg skriven for avisa Firda og publisert der fredag 8. februar 2013