07 mai 2010

Allemannseige

Tekst for 5. søndag e. påske, Matteus 6,6-13 - www.bibelen.no
I desse konfirmasjonstider vender tankane ofte tilbake til min eigen konfirmasjon i 1978. Eg kjenner lite til korleis undervisninga i Den norske kyrkja er lagt opp i dag, men for meg verka den gongen tru og kyrkjesaker ganske kjedelege. Likevel var det der eg for første gongen opplevde at Gud ville ha merksemda mi. I ein time nemnde sokneprest Sverre Nesheim i Bamble eit skriftord som fekk meg til å vakne frå slumringa på bakerste benk. Eg måtte somle litt etter timen slik at dei andre i klassen ikkje skulle sjå at eg ba han ta det opp att for meg. Om det ikkje blei noko gjennombrot av det då, blei tydelegvis ei lita glo liggande til seinare.
Det andre eg minnest frå konfirmasjonen var at Bibelen kom ut i ny oversetting dette året. Å kunne Fadervår var eit pliktnummer, men den forma vi hadde pugga på skulen var no brått gått ut på dato. «Helliget vorde Ditt navn» skulle ut og «La ditt navn holdes hellig» skulle inn. Vi måtte lære dette heilt på nytt utan at vi syntest det blei så mykje lettare å fatte. Forventinga om at ein skulle kunne dette på rams var ein arv frå den gongen overhøyringa var eit tredjegrads forhøyr med heile bygda til stades. For ein stakkars konfirmant kunne desse orda frå Jesus vere redningsplanken. Om han eller ho ikkje hadde fått med seg så mykje anna, kunne dei i alle fall sitt Fadervår.

Å kunne Fadervår var eit pliktnummer, men den forma vi hadde pugga på skulen var no brått gått ut på dato. 
For Herrens bøn er eit felles eige for alle kristne, frå dei ortodokse kyrkjene via katolikkar, protestantar og inn i meir moderne avgreiningar. Om språk, teologi, historie og liturgi skiljer oss har vi denne bøna å samlast i. Som alle språk har óg bønespråket sine dialektar, men dei enkle setningane som Jesus lærde disiplane er sjølve kjernen i kva bøn går ut på. Det er ein fortruleg samtale der den som ber set seg på fanget til Gud Fader og fortel kva han har på hjartet. Det er ikkje noko trylleformular som ordnar mirakel av seg sjølv. Men det er greie knaggar å henge ord og tankar på i stunder der våre eigne ord ikkje strekk til og tankane ikkje heng saman. Ta dei og bruk dei. Det er allemannseige.
God helg og Guds signing.

Skrevet for Firda og publisert der 07.05.2010