23 juli 2010

Lytt til erfarne fjellfolk

Tekst for 9. søndag e. pinse, Matteus 7,21-29

På mange område er vi kommet svært langt sidan Jesus gjekk på jorda. Berre tenk på utviklinga dei siste tretti åra. Datamaskiner er blitt allemannseige. Alle genene i kroppen vår er kartlagt, og det er meir reknekraft i ein mobiltelefon enn det var i farkosten som frakta astronautane til månen. Vi kan berekne vind og ver, kartleggje utkantane i universet og komme på sporet av dei minste bestanddelane i eit atom. Ein dag kan kan vi kanskje påvise Higgs Boson, den siste teoretiske biten innan fysikk om kva universet eigentleg er forma av.

Vi sit på så enorme mengder kunnskap at det er viktigare enn nokon gong at vi ikkje forvekslar evna til å berekne og beskrive med moglegheita til å kontrollere. For enkelte ting kan du ikkje lære på skulen, og du kan ikkje lese deg til det i bøker eller på nettet. Du må berre ha det i deg. Kvifor det er så godt å ha ei hand å halde i? Kva er det som gjer at vi vågar liv og helse for å redde vilt framande? Korleis kan ein song få den sterkaste og tøffaste til å bryte ut i gråt? På TV ser slikt utruleg tåpeleg ut, men vi kjenner oss att. Sjølv om nokon kan forklare ein ting for meg, kan dei framleis ikkje skjøne det for meg. Og det er sørgjeleg lite trøyst å finne i Eisteins relativitetsteori om alle vender meg ryggen.

For som alt anna treng óg kunnskap noko fast å stå på. Om vitenskapen no kan beskrive skaparverket med tal og bokstavar, er det ingen grunn til å sende Jesus ut av kvardagen og arkivere han på historisk museum saman med flintøkser og dampmaskinar. Vitskapsfolka er ikkje nærere enn nokon andre til å vite kva det dei forskar på skal vere godt for. For kven er det som har sagt at berre det som kan bevisast er verkeleg? Om du har topp moderne turutstyr må du likevel lytte til erfarne fjellfolk. Dei veit når du bør gå utanom stien og dei kjenner om veret snur før meteorologane har oppdatert verkarta sine. Vi har kanskje fått mange nye dingsar og metoder, men naturkreftene er dei same no som på Jesu tid. Difor er fast grunn under føtene framleis livsviktig, og fastare grunn enn Jesus er det ikkje råd å finne.

God helg og Guds signing!

Skrevet for Firda og publisert der 25.07.2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar