08 april 2011

Aldri så godt at det ikkje er galt for nokon

Betraktning over Johannes evangelium 11,45-53

Det kan fort bli for mykje sjølv av ein god ting. I TV-reklamen ser du ein bestefar som drikk tran saman med barnebarnet før dei går ut for å sparke fotball. Full av energi knallar bestefar til, men bommar på målet og knuser ei vindusrute hos naboen. Spørsmålet frå gutungen der dei tittar forsiktig fram bak eit hjørne, -Bestefar, tok du for mykje Møllers tran, gjekk rett inn i daglegtale. Sidan har omgrepet blitt nytta vidt og bredt. For Møllers tran og reklameskaparane er dette ein draum, men for konkurrerande produkt er det eit mareritt. Korleis i all verda skal ein hamle opp med ein konkurrent som blir omfavna av langt utover kundekretsen? Eg vil tru dette er blitt diskutert heftig i marknadsavdelingar og styrerom.

Jesus gjorde mykje godt på dei tre åra frå han blei døypt av Johannes til han blei korsfesta av Pilatus. Ryktet om han spredte seg vidt omkring og han trakk så mykje folk at det kunne skape problem for dei som var opptekne av ro og orden. I tillegg sa og gjorde han ting som ikkje sto i læreboka for dei meir etablerte aktørane på marknaden. Dette blei sjølvsagt ikke tatt nådig opp av desse. Det blei rett og slett litt for mykje Møllers tran for dei. Dei var fornøgde med situasjonen, og såg ingen grunn til å risikere noko som kunne slå tilbake på dei. Det gode blei er ofte det beste sin fiende.


Vi som lever og leser i god ettertid har fordelen av å sjå korleis ein ond konspirasjon fører til at Guds plan for frelse blir oppfylt. Det som blir sagt i ei meining, slår til på ein måte du ikkje ante var mogleg eller meiningsfylt. Etterpåklokskap er ein langt meir presis vitenskap fordi vi kjenner fasiten. Men framleis er det slik at vi ikkje likar at nokon ofrar seg. Tanken på at Gud sender sin eigen son i døden for vår skuld, vekkjer motstand langt inn i teologiske fagmiljø den dag i dag, for ikkje å snakke om i andre kulturar og under andre himmelstrok. Å tru på Gud er å stole på at han veit best, Sjølv når du ikkje er einig.

God helg, og Guds signing!


Publisert i Firda  fredag 8. april 2011

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar