06 september 2013

Ingen dans på roser


Matteus, 11, 16-19
Tekst for søndag 08.09.2013


-Til lags åt alle kan ingen gjera, skreiv Ivar Aasen. Vi har nett feira jubileum for han, og det er takk vere han at eg som til dagleg brukar bokmål sit og skriv ettertankar til Firda på nynorsk. Dette til trass for at eg proklamerte høgt og tydeleg til norsklæraren på vidaregånde skule at etter norskeksamen skulle eg aldri meir skrive ein stil, i alle høve ikkje på nynorsk. Så lite veit ein om framtida når ein er nitten år og kjenner seg trøytt på skulesaker. Eg veit ikkje kor sterkt Aasen står når det gjeld yngre generasjonar, men dilemmaet han skreiv om er framleis aktuelt. Diktet har femten vers, og alle er verdt å lese.


Kanskje kjenner dei unge dette som Catch 22, -Damned if you do, damned if you don’t. Du sit i klemma, samme kva du gjer. Dei som ikkje likar deg vil alltid finne noko å sette fingeren på. Dette er ikkje minst synleg i valkampen no inn mot stortingsvalet. Dei lovnadene eg synest  best om, sjølv om dei enn er for små og kjem for seint, meiner andre er totalt bortkasta og visar manglande evne til prioritering. I debattane på radio og TV blir parti- og listetoppane grille både på det som står i partiprogramma og like mykje på det som ikkje står der. Men dei skal ikkje klage på vinklinga i media. Når dei slepp til med eigen mikrofon, er dei raske med å grille kvarandre.


Men om den politiske kjeklinga kan vere påtrengjande og masete mens valkampen pågår, er det likevel bra at vi har folk som engasjerar seg sjølv om dei stiller seg lageleg til for hogg. Jesus var óg engasjert. I preiketeksten på søndag sukkar han over kor vrient det kan vere å nå inn til folk. Han gjorde mykje av det døyparen Johannes blei kritisert for at han ikkje gjorde. Likevel sto ikkje jubelen i taket. No var det heilt andre ømme tær som følte seg trakka på. Eg er redd for at mine tankar om kva Gud bør gjere eller ikkje óg er ein smule nærsynte og sjølvmotseiande. Sjølvsagt vil eg at ha han på mitt lag. Men endå meir  er eg djupt takknemleg for at Han, trass alt, vil ha meg på sitt.

God helg og Guds signing!

Opphaveleg skrive for Firda og publisert der fredag 6. september 2013

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar