06 september 2013

Ingen dans på roser


Matteus, 11, 16-19
Tekst for søndag 08.09.2013


-Til lags åt alle kan ingen gjera, skreiv Ivar Aasen. Vi har nett feira jubileum for han, og det er takk vere han at eg som til dagleg brukar bokmål sit og skriv ettertankar til Firda på nynorsk. Dette til trass for at eg proklamerte høgt og tydeleg til norsklæraren på vidaregånde skule at etter norskeksamen skulle eg aldri meir skrive ein stil, i alle høve ikkje på nynorsk. Så lite veit ein om framtida når ein er nitten år og kjenner seg trøytt på skulesaker. Eg veit ikkje kor sterkt Aasen står når det gjeld yngre generasjonar, men dilemmaet han skreiv om er framleis aktuelt. Diktet har femten vers, og alle er verdt å lese.


Kanskje kjenner dei unge dette som Catch 22, -Damned if you do, damned if you don’t. Du sit i klemma, samme kva du gjer. Dei som ikkje likar deg vil alltid finne noko å sette fingeren på. Dette er ikkje minst synleg i valkampen no inn mot stortingsvalet. Dei lovnadene eg synest  best om, sjølv om dei enn er for små og kjem for seint, meiner andre er totalt bortkasta og visar manglande evne til prioritering. I debattane på radio og TV blir parti- og listetoppane grille både på det som står i partiprogramma og like mykje på det som ikkje står der. Men dei skal ikkje klage på vinklinga i media. Når dei slepp til med eigen mikrofon, er dei raske med å grille kvarandre.


Men om den politiske kjeklinga kan vere påtrengjande og masete mens valkampen pågår, er det likevel bra at vi har folk som engasjerar seg sjølv om dei stiller seg lageleg til for hogg. Jesus var óg engasjert. I preiketeksten på søndag sukkar han over kor vrient det kan vere å nå inn til folk. Han gjorde mykje av det døyparen Johannes blei kritisert for at han ikkje gjorde. Likevel sto ikkje jubelen i taket. No var det heilt andre ømme tær som følte seg trakka på. Eg er redd for at mine tankar om kva Gud bør gjere eller ikkje óg er ein smule nærsynte og sjølvmotseiande. Sjølvsagt vil eg at ha han på mitt lag. Men endå meir  er eg djupt takknemleg for at Han, trass alt, vil ha meg på sitt.

God helg og Guds signing!

Opphaveleg skrive for Firda og publisert der fredag 6. september 2013

28 juni 2013

Eit spanande laguttak


Til ettertanke, søndag 26. juni 2013
Prekentekst: Markus 3,13-19

Det kan vere frykteleg vanskeleg å ta ut det rette laget. Mi erfaring om dette kjem frå tida som fotballpappa i den lokale grendaserien. Alle som hadde lyst skulle få vere med, men stemninga og meistringskjensla blei mykje betre for alle om målskilnaden ikkje blei for baktung. Engasjerte ungar har tilsvarande lite forståing for idrettsforbundet sine barneidrettsregler. Midtsirkelen under Knax-turneringa var ikkje rette staden å megle. Dommaren og dei andre foreldra såg på klokka, og ga meg til slutt time-out for resten av dagen. Sesongen etter var tidsklemma meir på mi side. Sekkelsten junior valgte fast plass i skulekorpset framfor skiftande posisjonar på grusbana, og tida som manager var over.



Teksten på søndag handlar óg om eit laguttak. Og om det er diskusjonar kring Drillo sine disposisjonar på landslaget, blir det barnemat i høve til lagoppstillinga Jesus komponerar. Matteus er tollar. Ein korrupt svindlar som har solgt seg til okkupasjonsmakta. Opp mot denne landssvikaren kjem Simon Kananeos, også kjend som Seloten. Selotane er ei gruppe av militante nasjonalistar som gjerne brukte både vald og drap i kampen mot romarane. Brødrene Jakob og Johannes hadde eit heftig temperament, mens tvilaren Tomas gjekk heller stille i dørene. Om nokon meiner at like born leikar best, så kan dei ikkje ha henta inspirasjon herfrå.

Ein kabal går ikkje opp om ikkje alle dei ulike korta er med i stokken. Eit puslespill med berre like bitar kan umulig forestille noko som helst, og ein fotballkamp kan ikkje spelast før det er nokon å spele mot. På samme måte kan heller ikkje alle i Guds rike vere heilt like, og Gud vil heller ikkje at dei skal vere det. I 1. korinterbrev kap. 12 utdyper Paulus dette grundig og illustrerar det med korleis ein kropp fungerar: -Auget kan ikkje seia til handa: «Eg treng deg ikkje», eller hovudet til føtene: «Eg har ikkje bruk for dykk». Det er ingen reservebenk i Guds rike. Der må alle på banen om spelet skal bli som trenaren vil.


Opprinneleg skriven for avisa Firda og publisert der fredag 24. juni 2013

26 april 2013

Kjent og elska

Til ettertanke, 6. søndag e. påske 28. april 2013
Preiketekst: Johannes 17,6–11

Alle ønsker seg eit godt ettermæle. Det er ikkje lett, for ikkje noko held seg så lenge som eit dårleg rykte. Er du riktig uheldig, går det ikkje berre ut over deg sjølv, men óg dei du er glade i, arbeidsplassen eller til og med heimstaden din. Vi blir gåande som ein slags ambassadørar for alt vi engasjerer oss i. Eit namn er altså ikkje berre ein merkelapp for å kunne skilje Per frå Ola når vi snakkar om dei. Det er alt du veit og kjenner til om nokon. Eit ansikt, eit namn og eit omdøme som omverda plukkar opp og legg seg på minne, på godt og vondt.

Etter det forferdelege bombeåtaket mot løparar og tilskodarer i Boston fekk ein ambassadør det frykteleg travelt. På Facebook og Twitter forveksla den jamne amerikanaren Tsjetsjenia som dei mistenkte gjerningsmennene kom frå, med Tsjekkia. Difor måtte den tjekkiske ambassadøren rykke ut i media for å oppklare den uheldige samanblandinga. Som ambassadør var jobben hans å vere eit ansikt og eit namn for heimlandet, og rykke ut mot øydeleggjande misforståingar. Samstundes skal han hjelpe leiinga i heimlandet å forstå viktige hendingar i landet han er utsendt til. Ambassadørar har ansvar i to retningar.

Preiketeksten på søndag er ein del av avskjedstalen Jesus held til disiplane. Her oppsumerar han kva oppdrag han har hatt og korleis han har søkt å løyse det. Han har gitt Gud eit ansikt, -openberra hans namn, og vist oss ein sann Gud i levande live slik ein god ambassadør skal gjere. Men han stoppar ikkje der. Han går lenger og forpliktar seg andre vegen óg. Etter at han sto oppfrå dei døde vende ambassadøren heim, og har gitt oss menneske eit ansikt og eit namn i Himmelen. Gud veit korleis det er å vere menneske. Vi er kjent, og elska!

God helg, og Guds signing!

Opprinneleg skriven for avisa Firda og publisert der fredag 26. april 2013