11 september 2011

Hovmot står for fall

Tekstbetraktning over Lukas 18,9-14, 12. søndag e. pinse, søndag 4. september 2011


I løpet av dei siste vekene har endå ein diktator I nordafrika falt frå makta og luksuslivet. Opprøra i Tunisia, Egypt og Libya det siste halvåret ser ut til å komme like overraskande på herskarane i desse landa som omveltningane i aust-europa kom på leiarane I Sovjetunionen, Aust-Tyskland og resten av Aust-Europa for tjue år sidan. Gjennom terror og trugsmål prøvde dei å kneble motstand og dyrke sin eigen popularitet. Men det er ikkje kjærleik du får om du forlangar det med vald. Å elske nokon kan aldri knyttast til ei plikt. Kjærleiken er berre ekte når andre elskar deg av fri vilje.


Visst er rettar og plikter fine ting. Særleg når dei går din veg og du kan klaske regelverket i bordplata og sei “sjå her! Dette har eg krav på”. Det er trygt og godt med alt som er oppe og avgjort. Då slepp vi unna ufine taklingar frå dei meir usikre sidene ved livet, og kan berre peike og klikke på ein passande garanti når grunnen under føtene våre gynger. Men eit omdøme kan du ikkje skaffe deg på denne måten. Like lite som du med rette kan omtale deg sjølv som audkjuk eller beskjeden, kan du kreve at andre skal like deg. Det er alltid opp til andre å avgjere kva omtale du får i historiebøkene.


For den som trur at han er ferdig utlært, er ikkje utlært, men ferdig. Det er ein stri tørn å innsjå at sjølv ikkje hardt og godt arbeid åleine kan garantere ein velfortent plass i himmelen. Der farisearen i bibelteksten berre ser sitt eige speglbilete i bobla han lever i, ser tollaren noko som er større enn han sjølv. Han ser Gud, og hos Gud ser han den kjærleiken vi alle treng. Vi er skapningar på Guds jord som ikkje er i posisjon til å fremje krav. Men vi kan be om nåde, ein nåde farisearen ikkje skjønar vitsen med. Men Gud elskar alle, alltid, -uansett. Du skal prise deg lukkeleg når livet byr deg opp til ein lystig dans, men det gir deg likevel ingen fribillett til himmelen.


God helg og Guds signing.

Opprinneleg skrive for Firda og publisert der fredag 02.09.2011

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar