03 februar 2012

Av seg sjølv...

Tekstbetraktning over Markus 4, 26-34, såmannssøndag, 5. februar 2012

-De’ e’ itt’no som kjæm tå sæ’ sjøl. Læraren min på ungdomsskulen sto framme ved tavla og forsøkte å få 28 austlendingar i tenåra til å gjere ein innsats. Han siterte altså Hans Rotmo for å mane fram arbeidslyst og innsatsvilje nok til å få ein ståkarakter i sidemål, som for oss var nynorsk. Eg er ikkje sikker på om han nådde inn, for vi trudde ikkje at nokon av oss ville få bruk for kunnskap om kløyvd infinitiv og a-endingar. For min eigen del var det lite hjelp i dei gramatikalske utleggingane hans. Eg måtte finne min eigen veg. Med blanke ark og eksamensoppgåva foran meg var det språkøret som redda meg; Korleis ville dei sagt det på radio og TV?

Det var desse små frøa frå Totto Osvold i Nitimen, Herbjørn Sørebø i Dagsrevyen og hallodama Ragnhild Sælthun Fjørtoft som vokste seg store nok til å hauste ein M i karakterboka. Eg var nok litt sær som faktisk likte å høyre nynorsk og beit meg merke i det. Eventyret om Askeladden og prinsessa ingen kunne målbinde byggjer på akkurat det same. Kven kunne ane kva nytte han skulle få for alt det rare han plukka med seg undervegs. Alt liv startar i det små og veks på seg etterkvart. Somme tider er det vanskeleg å sjå at det er grunnlag for liv i det heile. Men er det berre luft, lys og vatn, så vil det før eller sidan slå ut i full blomst. Det kjem opp, nesten av seg sjølv, og blir berekraftig.

Ein iskald fredag i starten av februar mykje sjå mørkt ut, men om berre få veker vil snøklokkene bryte seg opp gjennom brøytekanten og varsle ein ny vår. Det går av seg sjølv om berre frøet har kommet i jorda. Vi treng ikkje vite kvifor eller korleis. Vi kan ikkje lære frøet noko, og ingen av oss kan trekkje eit strå opp av jorda om vi vil aldri så mykje. Du må gjerne ha både ambisjonar og store draumar, men hardt arbeid er ikkje alltid nok. Du kjem alltid lengst ved å byggje på det som fell naturleg for deg. Gud har velsigna deg med eigenskapar som berre ventar på å få springe ut. Det finnst ein plass og ei tid for alt, og berre du kjenner det når du er på rett veg, til beste for deg og alle rundt deg.

God helg og Guds signing.

Opprinneleg skrive for Firda og publisert der fredag 03.02.2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar