03 april 2009

Då Gud kasta perler for svin

Tekst for søndag 5. april 2009: Joh. 12,1-13 - www.bibel.no

Denne veka var eg i Solund for første gong. Det er over tjue år sidan eg fór på friarføter frå austlandet til Hyllestad og snart tolv år sidan eg busette meg i Sunnfjord. Men eg fann altså ikkje høve tidlegar til å køyre bilen min i land på Krakhella. No har eg med sjølvsyn sett kva vegstyresmaktene synest er godt nok i forhold til trafikkgrunnlag og folketal. Sjølv om asfalten er så smal at speglane nesten tek i brøytestikkene på begge sider sitt bevilgningane langt inne. Og får Riksantikvaren frede vegen, må det vel byggast ein ny. Men er det lettare å få det inn i budsjettet?

«Vi har gang- og sykkelsti. Det er ein veg vi manglar.» Det sa ein lokal politikar som var med samferdslekomitéen på Stortinget på synfaring langs riksvegen mellom Førde og Askvoll. Det er skremmande akseptert politikk at folk i grisgrendte strøk må tåle færre og dårlegare ytingar frå fellesskapet enn meir tettbygde stader. Eg kan tydeleg høyre ekkoet fra kasseraren Judas i bibelteksten når eg les oppslag om budsjett og økonomi i avisene. Maria svidde faktisk av ei heil årsløn på Jesus den kvelden. Nardussalven ho helte ut over føtene hans var ei eksklusiv importvare forbeholdt rikfolk og høgtidlege høve, som oftast gravferder. Sjølv om Judas var ein hyklersk tjuvradd med utstrakt dobbeltmoral, skjønar eg at han reagerte. Jesus var trass alt framleis høgst oppegåande og midtpunktet i festen.

Det har aldri vore god økonomi å kaste perler for svin. Men kven som er kastarar, perler eller svin er ikkje alltid like sjølvsagt. Det er opp til auget som ser og kva verdiar ein legg til grunn for vurderinga. Eg er bokstaveleg talt sjeleglad for at Jesus ikkje brukte Judas som konsulent før inntoget i Jerusalem. Då er eg redd vi ikkje hadde hatt nokon palmesøndag å feire. Guds eigen son reid med opne auge rett inn i løvens hule. Det kunne ikkje gå bra. Det var ikkje meint å gå bra. For bra for Jesus ville vore fortaping for oss. Maria var den einaste som skjøna kva som skulle til og handla i samsvar med det.

God påske og Guds signing!

Publisert i firda.no, fredag 3. april 2009

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar