13 juni 2009

Den som ventar på noko godt...

Tekst for søndag 14. juni 2009: Luk. 16,19-31 - www.bibel.no

Det har hengt ei tung og grå sky av misnøye over delar av juniorlaget her heime i det siste. Det har ingen ting med eksamen eller andre alvortunge emne å gjere, men det pregar likevel stemninga. Saken er at den nye Star Trek-filmen hadde premiere 8. mai, men blir ikkje å sjå i Førde før langt ute i juni. Lenge etter at ‘alle andre’ har sett den og jubla seg ferdige. Handlinga, effektane og replikkane er omtalte og analysert på internett. Frustrasjonen har altså ikkje med kva som går på kino, men med kva som ikkje blir vist. Når teppet går til sides om ei veke er det berre smulane att av spenninga ved å oppleve ein ny klassikar innan science fiction.

Det er ikkje greit å kjenne seg satt tilsides. Vi lever i ei utålmodig tid og er vant til å kreve det vi vil ha med ein gong. Må vi vente ein dag eller stå ti minutt i kø, kjem det raskt misnøgde kommentarar. Tålmodigheit og eit auge med kva andre strir med har trange kår. Dette kjem ikkje minst til syne i debatten rundt piratkopiering og fildeling. - Kva rett har film- og musikkbransjen til å bestemme kva eg skal sjå og når eg vil sjå det? Kvifor kan ikkje dei nye TV-seriane visast her samstundes som i USA? Før var det å sleppe andre til ein god ting å gjere. I dag risikerer du å bli stempla som spak og lite brukeleg. Smil til verda, og verda brølar tilbake.

Bibeltekstane på søndagane etter pinse prega av tekstar som fortel noko om livet med Guds ande. Poenget i likninga Jesus fortel om den rike mannen og Lasarus er ikkje at det er noko galt i å vere rik og unne seg gode dagar. Den rike mannen gjer ikkje Lasarus noke vondt. Han utnyttar han ikkje og jagar han ikkje på dør. Problemet er at han ikkje gjer noko som helst verken av godt eller vondt mot stakkaren. Lasarus er berre ein del av landskapet og lite akta på. Slik er det ikkje hos Gud. Han ser deg. Sjølv om du ikkje får svar på bøna di med det same, vil han sørge for alt du treng heilt inn i evigheita. Så slapp av og sjå om det er nokon som treng deg.

God helg og Guds signing!

Publisert i firda.no, fredag 12. juni 2009

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar