11 februar 2011

Velsigning nok til alle

Betraktning over Matteus 20,1-16, bibel.no

Det kan vere ei skremmande oppleving å gå på januarsal. Butikkane annonserar trengsel og opnar klokka sju slik at du rekke å alboge til deg godbitane før jobb. Dei som kjem litt ut på dagen får skylde seg sjølv for at det ikkje er varer i passande storleik att. Eg brukar 43 i sko og finn eg noko etter at den første stormen har lagt seg, er det lett å skjøne kvifor det paret sto att. Ein ekstra runde for å parkere bilen og dermed er det berre smular tilbake. Difor har eg også hatt mange rare sko oppetter åra. Nei, det gjeld å vere om seg, veit du. Vi trur til og med at det er rettvist.

På mange måtar blir vi alle lærte opp til å bli marknadsjefar. Før vi sett i gong med noko som helst sett vi opp ei kalkyle med pluss- og minusside. Dersom plussida ikkje blir stor nok, risikerer heile prosjekttet å bli skrinlagt før idéen i det heile tatt fekk tid til å modnast. Vi blir prega av finans- og marknadstenking på alle område. Tanken om beløning er noko av det første vi lærar oss. «Kva får eg for det, då?» kan du få høyre frå finansakrobatar som ikkje ein gong er ferdige med barnehagen. Og det gjeld ikkje berre for ting som har med pengar å gjere. Det er mykje det same når det gjeld både venetenester, etikk og livssyn. Kvifor skal ein vere snill og grei om det ikkje løner seg? Ein kvar får vere seg sjølv nærast.
Himmelriket er ikkje ei beløning for lang og tru teneste
Eg veit ikkje, eg, men ein vert så trøytt av å måtte vere på hogget til alle tider anten det gjeld varer, jobbar eller kakefatet på ein hyggekveld. Det er godt at Guds rike fungerer på ein annen måte, elles hadde vel himmelen vore så full at eg, når min tid kjem, berre så vidt får ståplass rett innfor porten. Framfor tronen blei det fullt allereie før Olav den Heilage kom til Stiklestad. For Gud tek ikkje stilling til når du stemplar inn. Himmelriket er ikkje ei beløning for lang og tru teneste. Det dreier seg om hjarterom. Velsigninga er den same om du kjem tidleg eller om kvelden. Og det er aldri for seint, utan at det skal vere nokon grunn til å vente.

God helg og Guds signing!



Opprinnelig skrevet for Firda og publisert den 11. februar 2011.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar