08 august 2008

GPS: Trygt heim til alle tider

Tekst for søndag 10. august 2008: Salme 40,2-6 - www.bibel.no

Eg er gamal speidar, det veit dei fleste som har fulgt meg i denne spalta tidlegare. Og noko av det som fenga meg mest i speidarlivet var turane ut i skog og mark, ofte med sparsom oppakking. Det var iblant ein slags konkurranse om å gjere det enklast mogleg. Vi kunne legge ut på tur med handtekna kart, ein plastduk til telt og ikkje meir mat enn det vi kunne få med oss i lommene. At vi fekk lov, skal vi berre takke uvitande og godtruande foreldre for. At det tross alt gjekk bra, vil eg i dag takke GPS for; Gud Passar Sine.

I moden alder har speidaren i meg vakna att av dvalen. På det stadiet i livet der ein del andre skaffar seg tung motorsykkel og ny kone, har eg kjøpt meg samme slags kano som Lars Monsen brukar. Sidan slutten av mai har eg tilbrakt fleire netter under open himmel enn dei siste tjue åra til saman. Men noko anna er også nytt i høve til dei ville kartskissene vi brukte som gutungar. I kampen mellom kart og terreng berer eg no med meg fasiten. Det er ein dings, ikke større enn eit vanleg kompass, men som med støtte i himmelrommet viser meg kvar eg er og kvar vegen går heim til varme og tørre kle. Det er ein mobiltelefon med kamera og GPS; Global Positioning System.

For ein ting er å vere ute og oppleve naturen på kroppen. Gli lydlaust langs land og sjå auren vake, streve for harde livet for å halde kursen i vind og piskande regn eller kjenne gleda over å finne ein god leirplass i det sola går ned. Ei heilt anna side av tilveret er den dagen du innser at krefter og helse ikkje strekk til for å oppnå det du trudde var grei skuring. Då er det ein som drar meg opp, same kor djupt eg synk. Eg har ein vegvisar i himmelen som held av meg og hjelper meg å legge om kursen. Og ut av hovudtelefonane syng rockegruppa U2 orda frå søndagsteksten i salme ‘40’ for meg om frelsaren. GPS; Godheit, Pålitelegheit og Sanning.

God helg og Guds signing

Publisert i firda.no, fredag 8. august 2008

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar