24 februar 2006

Joh. 12,24-33 - Kor e' alle helter hen?

Andakt for søndag før faste, tekstrekke II
Joh 12,24-33 - www.bibelen.no

OL i Torino går mot vegs ende og i riksmedia begynner desperasjonen over tapte gullmedaljar å spreie seg langt utanfor sportsredaksjonane. Nokon meiner at vintersportsnasjonen Noreg ikkje har fått det vi fortente. Atter andre meiner tvert om at det var akkurat det vi sjølgode ski- og skøytenerdar frå Noreg fekk.
Jan Eggum, som eg har lånt overskrifta frå, saknar heltane sine frå barndommen og ber tynt om at Supermann og Zorro skal komme tilbake for å hjelpe han med tapt kjærleik og knuste illusjonar. Frå tusentals TV-stolar lyder sukk og forbitring som påkallar Wirkola, dei fire S-ane, Oddvar Brå og Bjørn Dæhli.

Men slike bøner er nok fånyttes. Pondus og Nemi har tatt over serierutene til dei gamle superheltane, medan Brå og Dæhli nok er i Torino, men berre for å selje ski og kle. Dei kjem ikkje tilbake i sporet.
Då er det annleis med Jesus. Han er det umulig å bli kvitt anten du likar han eller ikkje. Over to tusen år etter at orda i søndagsteksten blei uttalte ber millionar av menneske korset som ei gullmedalje, og pyntar hus og heim med det som var eit torturinstrument.
Snakk om å vende eit nederlag til siger. Aldri før i historia har det vore så mange truande kristne på jorda som no. Og Jesus trekkjer framleis folk frå alle verdsdelar.

Dette skjer trass i at kyrkjehistoria ikkje har vore nokon dans på roser. Romarar, grekarar og andre gjorde sitt beste for å utrydde dei kristne forsamlingane i den første tida. Då det ikkje gjekk prøvde keisarane å kjøpe opp kyrkja og sette seg sjølv i høgsetet, men heller ikkje det var nokon varig suksess.
Seinare splitting, forfølging og lovforbod har heller ikkje fått inn noko avgjerande slag. Det er fordi ingen kan sjå bort frå Jesus, sjølv ikkje dei som ikkje likar religion og heller ikkje trur på eit liv etter døden.

Vi har eit idol som har vunne over døden og ikkje bleiknar i møte med filosofi eller vitskap. Dessutan får han aldri formsvikt og kjem heller ikkje til å legge opp av mangel på motivasjon.
Og takk for det!

God helg og Guds signing.

Publisert i Firda 24.02.2006 © Jan Roar Sekkelsten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar