20 oktober 2007

Frå døden til livet, - ikkje berre filosofisk tomprat

Jesus seier det, Paulus gjentek det og utdjupar det, mens vi stort sett syng om det i møte og gudstenester. Uttrykket «å gå frå døden til livet» er ein del av barnelærdommen som uttrykk for å begynne å tru på Jesus som frelsar for oss som hadde bibelkunnskap på skulen. Utover dette har det vel i beste fall berre filosofisk tyding, i verste fall er det meiningslaust for dei vi snakkar med. Men det treng ikkje vere det, for verken Jesus og Paulus var spesielt filosofiske av seg.

Mi personlege oppleving av røyndommen bak dei fine orda fann stad i Moskva på midten av 90-talet. Kommuniststyret og jernteppet som dei brukte til å skille aust frå vest var borte, men framleis var mykje som før i den russiske hovudstaden, -ugjennomtrengjeleg byråkrati, uendeleg fattigdom hos mange og overdådig rikdom hos dei få. Slitne bygningar og ei stemning av håpløyse og lovløyse. Kjensla av å vere under oppsikt følgde meg over alt der vi gjekk. For alt eg visste, kunne aggresive tiggarar, prostituerte, mafia eller korrupte politifolk når som helst gjere turen til eit mareritt. Vi var augevitne til hendingar som fortalde at åtvaringane heimefrå ikkje var meint som spøk. Eg var ikkje nervøs, -eg var livredd.

-med eigne auge
På denne tida jobba eg som landssekretær i Norsk Misjon i Øst, det tidlegare Misjon bak Jernteppet. Leiinga i misjonen meinte at at eg ville vere tent med å ha sett nokre av misjonsprosjekta med eigne auge og møtt sentrale samarbeidspartnerar når eg sidan skulle rundt i norske kyrkjer og bedehus for å informere om arbeidet. Sjølvsagt var det ein god grunn og ei riktig vurdering. For misjonssekretæren eg reiste saman med var dette rein rutine. Men eg kikka meg over skuldra kor hen eg sto eller sat. Eg kjende meg bortkomen og fortapt som om eg var hamna på feil planet.

Fader Georgij
Ein av dei vi skulle møte, var fader Georgij Kotchetkov. Han hadde hoppa av ei lovande akademisk karriere og blitt prest i den ortodokse kyrkja i staden. Georgij Kotchetkov ville ikkje berre halde messer. Han starta skular og skaffa arbeidstrening for ungdomar. Han samla folk til bibelstudie og ba dei tenkje sjølv. I tillegg oversette han gudstenestene frå kyrkjeslavisk til russisk slik at folk kunne forstå kva som blei sunge og sagt i bønene. Det hende òg at han talte til forsamlinga, noko som heller ikkje var vanleg. Slik fekk han mange mektige motstandarar både innanfor og utanfor kyrkjeveggane. Politiet arresterte han, ransaka husveret hans og avhøyrde medlemmar av kyrkjelyden. Kvar gong han blei for populær på ein stad, sørga kyrkjeleiarane for å flytte han til ein ny og ukjend stad. Der starta fader Georgij på nytt, om att og om att. Maktapparatet kunne nok leggje hindringar i vegen for han, men Gud velsigna arbeidet og trua han la ned for medmenneska sine.

Talde timane til heimreisa
Uhyggestemninga låg rundt meg som ei klam hand då misjonssekretæren og eg traska gjennom Moskva sine gater på veg til møtet. Kyrkjelyden til Fader Georgij hadde nettopp overtatt ei kyrkje som var blitt brukt som marinemuseum i kommunisttida. Denne kvelden skulle dei markere overtakinga og feire ‘tranfigurasjonen’ eller Kristi forklaring (Matt 17,1-9). Som nemnt, eg kjende ingen utan reisekameraten min, eg hadde aldri vore i ei ortodoks kyrkje eller gudsteneste, og trivdest lite i Moskva. Det var ikkje forventingar eg hadde mest av då vi kom fram. Eg talde mest dagar og timar som var att til heimreisa.

Ei varm kjensle av å vere heime og blant vener
Utanfor kyrkja, som ikkje skilde seg mykje frå dei forfalne bygardane rundt, var det utruleg mykje folk samla. Inne heldt dei på å snekre saman stolpar og treplater til ikonostasen, bildeveggen som skil forsamlinga frå alteret, mens det berre var eit kvarter igjen til gudstenesta skulle ta til. I taket var det framleis motiv frå havet med måser og krigsskip. All innreiing fra museumstida var berre røska ut med hol i veggar og golv som resultat. Rundt på veggane og i taket hang provisoriske lysrør og pærer. Det som slo meg var likevel ei varm kjensle av å vere heime og blant vener. Angsten frå gata utafor var blåst bort og gleda over å skulle tilbe og lovprise Gud, fylte meg der eg stod som sild i tønne, -ei god forventing om å møte Jesus. Steget over dørstokken og inn var bokstaveleg å gå frå døden til livet.

Eg kunne ha blitt der natta over
Det er ikkje stolar i ei ortodoks kyrkje. Forsamlinga står gjennom heile gudstenesta som kan vare både to og tre timar, alt etter kva tid på dagen, kva dag det er og når det er i kyrkjeåret. Dei har faktisk eigne folk utdanna til å sette saman messe for kvart høve. Eg er til vanleg ikkje mykje liturgisk av meg, frikyrkjeleg som eg er. Men her var det godt å vere. Det var spanande å oppleve korleis forsamlinga følgde med i song og bøn utan tonefylgje, berre kyrkjesongarar. Desse song heile tida, berre avbrotne av prestane sine bøner og velsigningar. Eg kunne ha blitt der natta over. Alle verka å ha det som meg. Her inne var vi tatt til sides av Gud og kunne kvile i han. Alt vi elles måtte plagast med, forlot oss i døra. Tre gonger talte fader Georgij til kyrkjelyden i løpet av tre timar, og etter gudstenesta vart nesten alle verande att for å få nokre ord med han eller ein av dei andre prestane. Han lytta, snakka roleg med dei, ba for dei, la handa på panna deira og velsigna dei. Det var gjensidig tålmod og kjærleik. Kveldsmaten misjonssekretæren og eg var inviterte til, blei heller nattmat. Men det gjorde ingen ting. Eg var faktisk ikkje sliten av å stå på betonggolv i fleire timar heller.

-så det kjennest
Det var overveldande å oppleve korleis Gud kan møte ein på ein framand og utriveleg stad, føre deg inn blant ukjende menneske med eit språk du ikkje forstår, og likevel kjenner du deg som om du er komen heim. Vi delte trua på Jesus Kristus som Herre og Frelsar. Meir enn det skal ikkje til for å kjenne at ein verkeleg er kommen frå døden til livet.


Publisert i "Helg og heim", kyrkjeblad for Førde og Naustdal nr. 4 - 2007 © Jan Roar Sekkelsten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar