20 oktober 2007

Mark 10,2-9 - Ulurt

Tekstbetraktning for 21. s.e. pinse, tekstrekke I
Mark. 10,2-9 - www.bibelen.no

Før Gud snudde opp ned på det eg trudde eg skulle bruke yrkeslivet til, fullførte eg tre år med naturfagleg fordjuping på vidaregåande skule og to år som kjemistudent i Trondheim. Kva eg sitt att med etter all denne tekniske utdanninga? Det er mange gode grunnar til at eg minnest tida som «vitskapeleg realist» med glede, men at det var ein krokveg fram til eit godt og meiningsfylt arbeidsliv er ikkje til å komme i frå. Sjølv ikkje eit solid overtak når det gjeld kunnskap når vi spelar Geni kan ta bort skuggen av ei slitesterk studiegjeld.

På den tekniske høgskulen i Trondheim hadde eg ein fabelaktig ein forelesar i matematikk. Han var rimeleg nok rasande flink med tal og likningar, men det eg hugsar han best for var at han innførte omgrepet «ulurt». Ein skuleflink medstudent protesterte høglydt mot raude strekar i ei oppgåve. Svaret var jo heilt rett. «Svaret ditt er rett nok,» sa læraren. «Men i neste oppgåve treng du mellomsvar frå utrekninga her, og dei svara vil ikkje metoden din gi deg. Så du har ikkje gjort noko gale, men metoden er ulur og gir deg ekstra strev.»

Det finnest altså noko som er fullt lovleg og rett, men som endar opp som ulurt. Det var på dette punktet farisearane som ville utfordre Jesus i staden møtte dei seg sjølve i døra. Svaret Jesus gir kverulantane er i tråd med moralen frå matematikken. Fordi menneska ikkje lenger er som Gud skapte dei, har Han opna smutthol i lova så den òg blir «menneskeleg». Likevel er slikt som skilsmål berre ein siste utveg. Det er kanskje ikkje juridisk eller moralsk gale lenger, men det sett sine spor i sinn og skinn anten vi likar det eller ikkje. Det er alltid eit ulurt brot på skaparordninga, sjølve grunntanken med oss.

Slike gule lappar som kan settast opp og takast vekk er ein genial oppfinning. Dårleg lim kan vere praktisk, men det held ikkje i lengda. Med tida blir limet borte eller fullt av støv og skit. Då vil ikkje lappen henge nokon plass og blir kasta. Også der vi har brukt skikkeleg lim går det an å tvinge limflatene frå kvarandre. Men det vil alltid skape sår og det sitt att restar av det som ein gong var. Det er ikkje meininga å ta frå kvarandre det som er limt i hop for å vare. Skaparen har gitt oss Ordet sitt og Sonen sin for at vi skal kjenne han og skapartanken hans betre. Men vi velgjer sjølv kva spor vi setter etter oss i historia.

God helg og Guds signing!


Publisert i Firda, fredag 20.10.2007 © Jan Roar Sekkelsten.net

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar